Agitasjon og funksjon i stell: førekomst og samanheng hos personar med demens i sjukeheim, bufellesskap og heimebaserte tenester
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/184213Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn
Agitasjon er vanleg hos personar med demenssjukdom. Dette kan føre til utfordrande situasjonar i kvardagen hovudsakleg for pasienten sjølv, men også for helsepersonell og pårørande, som til dømes i stellesituasjonar. Meir kunnskap om dette området er nødvendig for å kunne hjelpe desse pasientane.
Hensikt
Føremålet med studien er å sjå på førekomst av agitasjon hos personar med demens og om ulike typar agitasjonsåtferd har samanheng med dårlegare funksjon i stell, påkledning og dusjesituasjonar samt om det er ein samanheng mellom agitasjon, alder og kjønn. Forskjellar i agitasjonsnivå hos sjukeheimspasientar i forhold til personar som bur i bufellesskap eller i heimen, vert og undersøkt.
Metode
Dette er ein tverrsnittstudie kor spørjeskjema vart nytta for å kartleggja førekomst av agitasjon og funksjon hos personar med demens eller mistanke om demenssjukdom.
Resultat
83,3 % av personane med demens eller mistanke om demenssjukdom var agiterte minst ein gang i veka. Det var ein positiv samanheng mellom grad av agitasjon og dårlegare funksjon i stell, påkledning og dusjing
Konklusjon
Agitasjon er svært utbreitt hos personer med demens. Dei med fysisk aggressiv åtferd, fysisk ikkje aggressiv åtferd og dei med verbal aggressiv åtferd fungerte dårlegare i stell, påkleding og dusjesituasjonar enn personar utan desse agitasjonstypane.
Beskrivelse
Master's thesis in Health and social sciences