Brukartilsette si oppleving av eiga rolle og funksjon i det psykiske helsefeltet
Abstract
Tema:
Dette studiet har teke føre seg den brukartilsette si oppleving av eiga rolle og funksjon i det psykiske helsefeltet.
Føremål:
Føremålet har vore å sjå på korleis den brukartilsette kan bidra med sin kunnskap i det psykiske helsefeltet. Og å setje fokus på dei brukartilsette sin kunnskap som eit viktig supplement til fagleg kompetanse
Metode:
Det blei tatt utgangspunkt i ei kvalitativ tilnærming. Det har i alt blitt intervjua 6 erfaringskonsulentar og medarbeidarar med brukarerfaring. Dei har fortalt om korleis dei opplever si rolle og funksjon på sin arbeidsplass
Funn:
Den brukartilsette opplever at sin kompetanse er ønskja og verdsett innanfor det psykiske helsefeltet. Dette av både leiinga, kollegaer og pasientar/brukarar. Dei erfarer at sin kompetanse kan vere til hjelp for pasienten/brukaren der fagkompetansen kjem til kort. Dei utfyller ein rolle fagpersonellet ikkje kan ta på seg. Det har likevel vore ein tung prosess i implementeringa av deira rolle og funksjon på arbeidsplassen. Brukartilsetting er framleis ein forholdsvis ny rolle i det psykiske helsefeltet. Og dette byr på utfordringar. I sitt arbeid for å få sin kunnskap likestilt med fagkompetanse føler dei framleis at dei kan møte motstand. Dei peikar vidare på at dei saknar rettleiing og eit kollegialt fellesskap med andre brukartilsette. Funksjonen og rolla deira kan synast uklare, både for dei sjølve og for kollegaer. Dette kan gjere det vanskelig å vite korleis nyttiggjere seg deira funksjon.
Description
Master's thesis in Health and social sciences