Plantemakrofossilanalysar av sedimentprøver frå Sande gnr. 136/1, 2, 5, Farsund kommune, Vest-Agder
Abstract
I samband med inngrep for endringar av RV 465 på Sande, Farsund kommune, Vest-Agder, undersøkte KHM, UIO, ymse busetnadsspor. Det vart samla inn sedimentprøver frå fyllmassen i stolpehol for takbærande stolpar i til saman fire langhus, frå eit naust, kulturlag og graver. Prøvene vart sendt til AmS for flotasjon og analyse av makroskopiske planterestar, nærare bestemt diasporar (Frø, frukter, nøtter osv.). Ein fann forkola korn, anten bygg (Hordeum vulgare), naken bygg (Hordeum vulgare var. nudum), uspesifisert korn eller kornfragment (Cerealia) i fire av totalt 48 prøver. Det vart påvist forkola diasporar av viltveksande matplanter i 20 av prøvene, av eittårige ugras i 26 og andre planter i 36 prøver. I tillegg vart det funne trekol, brent leire og leirskår med mogleg matskorpe og kornavtrykk.
Description
Oppdragsgiver: Fornminneseksjonen, Kulturhistorisk museum (KHM), Universitetet i Oslo