Metodekunnskap i lærebøker
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2504245Utgivelsesdato
2018-05Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Student papers (HF-IKS) [770]
Sammendrag
Då Kunnskapsløftet kom i 2006, blei det utforma ein ny læreplan for historiefaget. Denne læreplanen løftar fram arbeid med kjelder i mykje større grad enn tidlegare læreplanar som R94. Likevel viser det seg at arbeid med kjelder blir lite prioritert i undervisninga, og læreplanen seier heller ikkje eksplisitt korleis ein skal arbeide med kjelder. Denne oppgåva har derfor som mål å undersøkje korleis lærebøkene legg til rette for at elevane skal arbeide med kjelder og praktisere historie på eigenhand. Problemstillinga for oppgåva er: Korleis forsøker lærebøker i historie for den vidaregåande skule å utvikle metodekunnskap hos elevane?
Lærebøkene som utgjer empirien i oppgåva blir analysert gjennom fire ulike kriterium for å finne ut kva for nokre ulike måtar lærebøkene forsøker å utvike metodekunnskap hos elevane gjennom. Det blir undersøkt korleis lærebøkene beskriv arbeid med kjelder og kjeldeterminologien i metateksten, kva slags materiale som blir brukt som kjelder, korleis elevane skal arbeide med ulike kjelder og til slutt korleis lærebokforfattarane legg opp til at elevane skal oppnå meta-historisk innsikt. Lærebøkene som blir analysert er Portal, Alle tiders historie, Perspektiver og I ettertid.
Metoden for analysen er ein kvalitativ gruppeanalyse som ser på likskapar og ulikskapar i lærebøkene, og har særleg fokus på kva forbetringspotensiale lærebøkene har. Omgrepet metodekunnskap, slik Erik Lund definerer det gjennom kjeldegransking og det å praktisere historie, blir brukt som ramme for oppgåva, men omgrepet blir vidareført og utdjupa gjennom leseprosessane til Sam Wineburg og konseptet bevis i Peter Seixas sin modell for historisk tenking.
Beskrivelse
Master's thesis in History didactics