dc.contributor.advisor | Ketil, Knutsen | |
dc.contributor.author | Mærland, Stine | |
dc.date.accessioned | 2018-07-04T07:34:35Z | |
dc.date.available | 2018-07-04T07:34:35Z | |
dc.date.issued | 2018-05 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2504245 | |
dc.description | Master's thesis in History didactics | nb_NO |
dc.description.abstract | Då Kunnskapsløftet kom i 2006, blei det utforma ein ny læreplan for historiefaget. Denne læreplanen løftar fram arbeid med kjelder i mykje større grad enn tidlegare læreplanar som R94. Likevel viser det seg at arbeid med kjelder blir lite prioritert i undervisninga, og læreplanen seier heller ikkje eksplisitt korleis ein skal arbeide med kjelder. Denne oppgåva har derfor som mål å undersøkje korleis lærebøkene legg til rette for at elevane skal arbeide med kjelder og praktisere historie på eigenhand. Problemstillinga for oppgåva er: Korleis forsøker lærebøker i historie for den vidaregåande skule å utvikle metodekunnskap hos elevane?
Lærebøkene som utgjer empirien i oppgåva blir analysert gjennom fire ulike kriterium for å finne ut kva for nokre ulike måtar lærebøkene forsøker å utvike metodekunnskap hos elevane gjennom. Det blir undersøkt korleis lærebøkene beskriv arbeid med kjelder og kjeldeterminologien i metateksten, kva slags materiale som blir brukt som kjelder, korleis elevane skal arbeide med ulike kjelder og til slutt korleis lærebokforfattarane legg opp til at elevane skal oppnå meta-historisk innsikt. Lærebøkene som blir analysert er Portal, Alle tiders historie, Perspektiver og I ettertid.
Metoden for analysen er ein kvalitativ gruppeanalyse som ser på likskapar og ulikskapar i lærebøkene, og har særleg fokus på kva forbetringspotensiale lærebøkene har. Omgrepet metodekunnskap, slik Erik Lund definerer det gjennom kjeldegransking og det å praktisere historie, blir brukt som ramme for oppgåva, men omgrepet blir vidareført og utdjupa gjennom leseprosessane til Sam Wineburg og konseptet bevis i Peter Seixas sin modell for historisk tenking. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | University of Stavanger, Norway | nb_NO |
dc.relation.ispartofseries | Masteroppgave/UIS-HF-IKS/2018; | |
dc.subject | historiedidaktikk | nb_NO |
dc.subject | lærebokanalyse | nb_NO |
dc.subject | metodekunnskap | nb_NO |
dc.title | Metodekunnskap i lærebøker | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Humaniora: 000::Historie: 070 | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283 | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 121 | nb_NO |