Ivaretaking av elevar med psykisk sjuke foreldre - Korleis arbeider ulike yrkesgrupper i skulen for å fylgje opp og legge til rette for desse elevane?
Abstract
Tema for denne studien er skulen sine erfaringar i møte med elevar som har psykisk sjuke foreldre. I studien har eg forsøkt å belyse fylgjande problemstilling: Korleis arbeider ulike yrkesgrupper i skulen for å fylgje opp og legge til rette for elevar som har psykisk sjuke foreldre?
For å svare på problemstillinga har eg undersøkt kva erfaringar dei ulike yrkesgruppene har frå arbeid med elevar som har psykisk sjuke foreldre, kva tiltak dei har gode erfaringar med og kva erfaringar dei har i forhold til eiga meistring i dette arbeidet.
For å belyse problemstillinga har eg gjennomført semi-strukturerte intervju med sju yrkesutøvarar med ulik yrkesbakgrunn som alle hadde erfaring frå arbeid med elevar som har psykisk sjuke foreldre.
Resultata frå studien viste at dette er ei sårbar elevgruppe, trass i at ein del av desse elevane ser ut til å klare seg bra på skulen. Det verka som at den enkelte yrkesutøvar er engasjert, og har eit ynskje om å ivareta desse elevane best mogleg. Samstundes ser det ut til at systemarbeidet kring desse elevane ikkje alltid fungerer. Fleire av yrkesutøvarane opplever arbeidet med desse elevane utfordrande, då dei manglar relevant formell kompetanse. Verdien av at desse elevane blir sett og anerkjent vart særskilt understreka av informantane i studien. For at desse elevane skal bli best mogleg ivaretatt i skulen verkar det også til å vere av avgjerande verdi at det tverrfaglege samarbeidet fungerer. Helsesøster kan truleg spele ei nøkkelrolle i arbeidet med desse elevane.
Description
Master's thesis in Special education