Myklebust gnr. 3 Sola k., Rogaland. Analysar av makroskopiske subfossil
Abstract
Sedimentprøvene som er analysert er frå ymse kontekst både innan og kring hus så, som stolpehol, groper, graver, kokegroper og eldstader, eit tråkk etter husdyrferdsel samt to jordprofil. I alt 56 14C-dateringar av korn, trekol, bein og sopp syner at aktivitetsspora er frå eit tidsrom på ca. 3000 år. Det er funn av dyrka planter i form av det korn av havre, bygg, kveite, uspesifisert korn og fragment av korn. Det er funne mange eittårige urter som veks som ugras på dyrka mark, og funn dannar dermed tette band til dyrking jamvel der ein ikkje finn dyrke planter. Det er påvist få viltveksande matplanter, nokre fleirårige urter samt forveda planter som ymse treslag, buskar og lyng og i tillegg sporeplanter som i hovudsak er sopp. Mesteparten av desse funna er forkola og til dels i såpass dårleg stand at det synte seg vanskeleg å identifisere dei til slekt og art. Den vanlegaste typen av plantematerial er trekol som er av fleire vanlege treslag. Det vanlegaste funnet av zoologisk material er eggkokongar av leddmakk som er del av den jordbuande faunaen. I tillegg er det spreidde funn av bein og insekt.
Description
Oppdragsgiver: Jåsund Utvikling AS