Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJager, Andreas Benedikt
dc.contributor.authorJohannessen, Eivind
dc.date.accessioned2019-06-19T08:52:01Z
dc.date.available2019-06-19T08:52:01Z
dc.date.issued2019-05-16
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2601322
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy studies.nb_NO
dc.description.abstractDette er ein studie av sjølvframstilling i røyndomslitteraturen. Oppgåva dreiar seg om korleis forfattarar gjev seg til kjenne i sin eigen tekst og kva konsekvenser dette kan føra med seg. Meir bestemt tek denne avhandlinga utgangspunkt i sjølvframstillinga til Vigdis Hjorth i romanen Arv og miljø. Problemstillinga er: Korleis kan feedback skapa og endra bilete av Vigdis Hjorth i Arv og miljø? For å svara på denne problemstillinga har eg valt å analysera Arv og miljø ut ifrå ymse lesarars perspektiv i ein gjeven tidsperiode. Både det innanfor og utanfor romanen er avgjerande for kva bilete ein kan danna seg av forfattaren. Analysen er delt inn i tre delar: I perioden før og under utgjevinga er kjennskap til forfattaren og feedback i form av bokkritikkar og liknande eit viktig grunnlag for korleis ein sidan vil tolka Arv og miljø. Feedbacken under utgjevingsperioden gav to moglege forståingar av kva Arv og miljø er eit resultat av. Den eine forståinga går i retning av å tolka romanen som Vigdis Hjorths litterære prosjekt, den andre som Vigdis Hjorths litterære metode. Desse forståingane er avgjerande for kva bilete ein dannar seg av forfattaren. I neste del, under lesnaden av Arv og miljø, dreier fokuset mot å undersøkja om bileta som feedbacken har gjeve er valide etter ei gjennomlesing. Lesnaden stadfesta biletet av Vigdis Hjorth som driv med eit litterært prosjekt, i større grad enn at ho driv med ein litterær metode. Eitt år seinare kom feedbacken Fri vilje ut. Dette er ein roman som er skriven av den eine systera til Vigdis Hjorth. Mens lesnaden av Arv og miljø stadfesta biletet av Vigdis Hjorth som ei som driv med eit litterært prosjekt, stadfestar Fri vilje den litterære metoden i Arv og miljø. Dette betyr at begge bileta som feedbacken skapa har fått kvar si litterære framstilling, noko som igjen fører til at dei er vanskelege å både avkrefta og sannkjenna. Dette er fordi bileta undergrev kvarandre: Berre eitt av dei kan stemma, men når begge også finst i kvar sine litterære framstillingar vil det alltid herska tvil om kva som er tilfellet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2019;
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectVigdis Hjorthnb_NO
dc.subjectHelga Hjorthnb_NO
dc.subjectrøyndomslitteraturnb_NO
dc.subjectfiksjonsfri fiksjonnb_NO
dc.subjectsjølvframstillingnb_NO
dc.subjectdobbeltkontraktennb_NO
dc.subjectperformativ biografismenb_NO
dc.subjectfeedbacknb_NO
dc.subjectArv og miljønb_NO
dc.subjectFri viljenb_NO
dc.subjectlesevitenskapnb_NO
dc.subjectliteracynb_NO
dc.titleVigdis og Bergljot. Og Vera? – Ein studie av sjølvframstilling i Arv og miljø og Fri vilje.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042nb_NO
dc.source.pagenumber115nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal