Involvering av foreldre i kampen mot mobbing: Ein kvalitativ studie av lærarar og rektorar sine tankar og erfaringar med å involvere foreldre i kampen mot mobbing.
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2623288Utgivelsesdato
2019-06Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Problemstillinga for oppgåva var: Kva tankar og refleksjonar gjer lærarar og rektorar seg om betydninga av foreldre for barnet si involvering i mobbing, og korleis arbeidar dei for å involvere foreldre i kampen mot mobbing? Formålet var å undersøke fenomena for å oppnå kunnskap og innsikt. Ønsket var at det skulle resultere i tiltak informantane anser som gode i arbeidet med å involvere foreldre i kampen mot mobbing, og som bør få større fokus i framtidig praksis.
Studien er fenomenologisk og hermeneutisk i sin tilnærming, og bygger på kvalitative semistrukturerte forskingsintervju med lærarar og rektorar frå barneskular med låge mobbetal.
Resultatet viser at informantane ser på foreldre som viktige for barnet si involvering i mobbing. Informantane påpeiker derfor at det er nødvendig og avgjerande å involvere foreldre som ein ressurs for å styrke skulen sitt mobbeførebyggande arbeid. I arbeidet med å involvere foreldre trakk informantane fram viktigheita av ein positiv skulekultur og ei skuleleiing som ønsker å involvere foreldre, samt viktigheita av god relasjons- og kommunikasjonskompetanse. Informantane påpeiker at dette bør ligge som grunnlag for alt arbeid lærarar og rektorar gjer med å involvere foreldre i kampen mot mobbing. Informantane viser til fleire strategiar dei nyttar i sitt arbeid. Dei vektlegg viktigheita av å legge til rette for kunnskapsutvikling, engasjement og motivasjon samt eit felles grunnlag. Kommunikasjon om skulen sitt arbeid samt viktigheita av enkel kontakt blir også påpeikt. Vidare vektlegg informantane å legge til rette for ein samtalande heim, sikre foreldre reell medverknad, samt bruk av ekstern ressurs som støtte.
Beskrivelse
Master's thesis in Special education