dc.contributor.advisor | Øverland, Klara | |
dc.contributor.author | Torsen, Gry Tonje | |
dc.date.accessioned | 2019-10-18T19:00:01Z | |
dc.date.available | 2019-10-18T19:00:01Z | |
dc.date.issued | 2019-06 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2623288 | |
dc.description | Master's thesis in Special education | nb_NO |
dc.description.abstract | Problemstillinga for oppgåva var: Kva tankar og refleksjonar gjer lærarar og rektorar seg om betydninga av foreldre for barnet si involvering i mobbing, og korleis arbeidar dei for å involvere foreldre i kampen mot mobbing? Formålet var å undersøke fenomena for å oppnå kunnskap og innsikt. Ønsket var at det skulle resultere i tiltak informantane anser som gode i arbeidet med å involvere foreldre i kampen mot mobbing, og som bør få større fokus i framtidig praksis.
Studien er fenomenologisk og hermeneutisk i sin tilnærming, og bygger på kvalitative semistrukturerte forskingsintervju med lærarar og rektorar frå barneskular med låge mobbetal.
Resultatet viser at informantane ser på foreldre som viktige for barnet si involvering i mobbing. Informantane påpeiker derfor at det er nødvendig og avgjerande å involvere foreldre som ein ressurs for å styrke skulen sitt mobbeførebyggande arbeid. I arbeidet med å involvere foreldre trakk informantane fram viktigheita av ein positiv skulekultur og ei skuleleiing som ønsker å involvere foreldre, samt viktigheita av god relasjons- og kommunikasjonskompetanse. Informantane påpeiker at dette bør ligge som grunnlag for alt arbeid lærarar og rektorar gjer med å involvere foreldre i kampen mot mobbing. Informantane viser til fleire strategiar dei nyttar i sitt arbeid. Dei vektlegg viktigheita av å legge til rette for kunnskapsutvikling, engasjement og motivasjon samt eit felles grunnlag. Kommunikasjon om skulen sitt arbeid samt viktigheita av enkel kontakt blir også påpeikt. Vidare vektlegg informantane å legge til rette for ein samtalande heim, sikre foreldre reell medverknad, samt bruk av ekstern ressurs som støtte.
| nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | University of Stavanger, Norway | nb_NO |
dc.relation.ispartofseries | Masteroppgave/UIS-HF-IGIS/2019; | |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | spesialpedagogikk | nb_NO |
dc.subject | mobbing | nb_NO |
dc.subject | involvering av foreldre | nb_NO |
dc.subject | foreldre | nb_NO |
dc.subject | skule-heim-samarbeid | nb_NO |
dc.subject | bioøkologisk perspektiv | nb_NO |
dc.subject | førebygging | nb_NO |
dc.subject | utdanningsvitenskap | nb_NO |
dc.title | Involvering av foreldre i kampen mot mobbing: Ein kvalitativ studie av lærarar og rektorar sine tankar og erfaringar med å involvere foreldre i kampen mot mobbing. | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Social science: 200::Education: 280::Special education: 282 | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 117 | nb_NO |