Lærarar på 1. trinn sitt rapporterte arbeid med fonologisk bevisstheit i den fyrste leseopplæringa.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2677059Utgivelsesdato
2020-06Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Temaet for masteroppgåva var arbeid med fonologisk bevisstheit i begynnaropplæringa. Formålet var å undersøkje korleis lærarar arbeider med fonologisk bevisstheit i den fyrste leseopplæringa på 1. trinn. For undersøkje dette valte ein problemstillinga: Korleis rapporterer lærarar på 1. trinn at dei arbeider med fonologisk bevisstheit i den fyrste leseopplæringa?
For å svare på problemstillinga, har ein undersøkt kva fonologiske aktivitetar lærarane rapporterer at dei arbeider med på 1. trinn. Ein har undersøkt kva lærarar rapporterer på påstandar om undervisningspraksis, som påstanden at ein bør kombinere fonologisk bevisstheit med bokstavkunnskap og at elevane bør vere fonologisk bevisste før bokstavinnlæringa. Ein har også undersøkt om lærars utdanningsnivå har ein samanheng med kva dei rapporterer på påstandane om undervisningspraksis.
Masteroppgåva nytta talldata frå forskingsprosjektet Two Teachers ved Lesesenteret. Relevant datamateriale er frå spørjeskjema skuleåret 2016/ 2017. Metoden er kvantitativ og datamaterialet har blitt studert gjennom frekvensanalysar, krysstabellar og signifikanstestar.
Resultata indikerte at lærarane arbeida mykje med fonologiske aktivitetar, men det kan også tyde på at dei ikkje differensierte ikkje mellom mindre og meir krevjande fonologiske aktivitetar. Majoriteten av lærarane rapporterte at dei var einige i at ein bør kombinere fonologisk bevisstheit og bokstavkunnskap, men også at elevane bør vere fonologisk beviste før bokstavinnlæringa. Resultata frå studien indikerte at lærarane hadde kjennskap til fonologisk bevisstheit, men kanskje ikkje dybdekunnkap om elevars utvikling av fonologisk bevisstheit. Resultata viste at det ikkje var samanheng mellom lærars utdanningsnivå og påstandane om undervisningspraksis. Denne studien kan bidra med kunnskap om korleis lærarar i Noreg arbeider med fonologisk bevisstheit i begynnaropplæringa.
Beskrivelse
Master's thesis in Special education