Ironi som skapande tilstand. Lesingar av noveller frå Draumeskrivar (2016) av Gunnhild Øyehaug.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2734080Utgivelsesdato
2020-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Student papers (HF-IKS) [771]
Sammendrag
Kva slags skapande funksjonar har ironien i novellene til Gunnhild Øyehaug?
I oppgåva gjer eg lesingar av noveller frå Draumeskrivar (2016) av Gunnhild Øyehaug. Lesingane utforskar korleis ein kan forstå ironien i tekstane som ein skapande tilstand. Ein ambisjon for lesingane mine er å få fram det paradoksale i tekstane, å kunne opphalde seg i spenningane.
Eg les altså ikkje ironien som retorisk verkemiddel, men som grunnlaget i sjølve framstillinga. Denne forståinga bygger eg på ei drøfting av omgrepet romantisk ironi slik det vart skildra av Friedrich Schlegel og Jena-romantikarane.
Den ironiske tilstanden oppstår i novellene gjennom til dømes metafiksjonelle brot, parodi og inderlegheit. Eg ser også på det fantastiske og det uheimlege i tekstane, noko som ofte oppstår gjennom strukturar av mise en abyme. Ei avsluttande lesing av Maurice Blanchot sitt essay “Orfeus’ blikk” kastar lys over lesingane eg har gjort, og over måten ironien verkar skapande i novellene.
Beskrivelse
Master's thesis in Literacy studies