«Korleis kan samarbeid i barnehagen og med Pedagogisk psykologisk tjeneste hjelpe barn som viser reaktiv aggresjon».
Description
Full text not available
Abstract
Samandrag
Denne mastereoppgåva handlar om tema samarbeid og reaktiv aggresjon. Problemstillinga lyder som følgjer «Korleis kan samarbeid i barnehagen og med Pedagogisk psykologisk tjeneste hjelpe barn som viser reaktiv aggresjon». Studien har som fokus å sjå på samarbeidet i barnehagen, og i mellom pedagogisk psykologisk tjeneste rundt barn som viser reaktiv aggresjon. Studien bygger på teori om samarbeid, reaktiv aggresjon, sosial kompetanse og autoritative vaksne.
Tre av informantane i studien er i frå barnehage, og to informantar er i frå PPT. Studiens ønske er å sette fokus på viktigheita av samarbeid i møte med reaktiv aggresjon hos barn, og målet er derfor å sette fokus på dette samarbeidet. I oppgåva ser ein både på samarbeid internt i barnehagen, og i mellom barnehagar og PPT.
Kvalitativ metode blir nytta i studien, med eit semistrukturert intervju. Funn i studien setter lys på at samarbeid imellom barnehagen og PPT i nokre tilfelle kan være vanskeleg. Informantane var alle opptatt av samarbeid, der det var viktig å skape openheit, og der det er rom for å dele kunnskap og informasjon. Det er viktig at ein har dette samarbeidet i møte med barn som viser reaktiv aggresjon, om ein ikkje hadde støtte i dei andre vaksne. Vil det være vanskelig i møte med barn som viser reaktiv aggresjon. Derfor er det også viktig at barnehagen og PPT får til eit godt samarbeid for å hjelpe desse barna. Dette krevjar tid, men det som ein vil få tilbake er eit sterkare team rundt barna, slik at handteringa av vanskane blir betre. Eit anna sentralt funn i denne studien er at informantane i frå barnehagen viser at det kan være for lite fokus på at foreldre, og barnehagane må handtere reaktiv aggresjon likt.