Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBirkedal, Inga Kjerstin
dc.contributor.authorLitlabø, Gunnhild
dc.date.accessioned2022-02-01T16:52:41Z
dc.date.available2022-02-01T16:52:41Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.uis:inspera:80582900:85217906
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2976409
dc.description.abstractSamandrag Det å kunna lesa er ein føresetnad for å tileigna seg kunnskap og informasjon frå ulike tekstar, og uansett kva for ei utdanning eller jobb ein tek, vil god lesedugleik vera av stor verdi. Likevel har det vist seg at mange vaksne ikkje les godt nok til å fungera optimalt i kvardagen, og norske elevar har over fleire år hatt gjennomsnittlege resultat på internasjonale leseundersøkingar og kome dårlegast ut blant dei nordiske landa. Lesing er ikkje ein dugleik som skal lærast dei første åra på skulen, men krev derimot kontinuerleg utvikling i møte med stadig meir avanserte tekstar. I denne masteroppgåva ønskjer eg å sjå på leseundervisning i naturfagstimane, og kva erfaringar elevar på mellomtrinnet har med å lesa naturfaglege tekstar. Problemstilliga for oppgåva er: «Kva erfaringar har elevar på mellomtrinnet når det gjeld å lesa i naturfag, og kva strategiar brukar dei for å lesa ein fagtekst?». Oppgåva har også tre forskingsspørsmål: 1. I kva grad les elevane i naturfagstimane? 2. Kva erfaringar har elevane med ulike naturfaglege sjangrar? 3. Kva erfaringar har elevane med å nytta lesestrategiar når dei les ein fagtekst i naturfag? Denne masteroppgåva er ein kvalitativ studie som baserer seg på fire fokusgruppeintervju av totalt elleve elevar frå 5. og 6. trinn. I intervjua svarte elevane på spørsmål knytte til deira erfaringar kring det å lesa naturfaglege tekstar og kva lesestrategiar dei nyttar. Funna har blitt kategorisert etter dei tre forskingsspørsmåla, og drøfta opp mot subkategorien på kva måte?. Elevane i studien var i utgangspunktet lite medvitne på at dei les i naturfagstimane, men etter kvart kom det likevel fram at dei les ein god del i timane, og at dei les til dels varierte tekstar. Funna indikerer at det ligg eit stort potensiale i kva type undervisning elevane får. Det kan sjå ut som om det er trong for ei meir eksplisitt undervisning, med fokus på naturfaglege sjangrar og fagspesifikk leseopplæring. Andre sentrale moment er knytte til korleis elevane nyttar lesestrategiar, og korleis dei lærer fagspesifikke ord og omgrep. Studien indikerer at det kan vera føremålstenleg at leseopplæring vert sterkare vektlagt i naturfagstimane og bør bli ein integrert del av undervisninga. Nøkkelord Eksplisitt undervisning, fagspesifikk leseopplæring, lesestrategiar, lesing som grunnleggjande dugleik i naturfag.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.title"Les de av og til i naturfagstimane?" - Ein kvalitativ studie av elevar sine erfaringar med å lesa naturfaglege tekstar.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel