Kostnadseffektive energieffektiviseringstiltak i bygningar eigd av Stord kommune
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3032615Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Studentoppgaver (TN-ISØP) [1411]
Sammendrag
Det er i dag brei einigheit blant verdas klimaforskarar om at dei menneskeskapte klimaendringane er verkelege, og at det hastar med å stagge den faretrugande utviklinga. Problemet tek større plass på den politiske dagsordenen enn nokon gong, og er i stadig større grad råka av politiske føringar både nasjonalt og internasjonalt. Noreg på si side har eit lovfesta mål om å redusere klimagassutsleppa kraftig fram mot 2030, og å oppnå status som lågutsleppssamfunn innan 2050.
Stord kommune ønskjer å vere ein pådrivar for omstillinga til lågutsleppssamfunnet, og har på eige initiativ fatta vedtak om å verte ein nullutsleppskommune innan 2030. Dei startar med sin eigen organisasjon, og har i den samanheng bedt om å få gjennomført ein investeringsanalyse som seier noko om kva tiltak kommunen bør prioritere for å kutte utslepp på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte.
Investeringsanalysen i denne avhandlinga er avgrensa til tiltak som gjeld energieffektivisering i den kommunale bygningsmassen, og har som mål å gje slutningstakarane i Stord kommune eit solid grunnlag for å identifisere og prioritere dei mest kostnadseffektive tiltaka. For å sikre at avhandlinga faktisk resulterer i eit slikt grunnlag, er følgjande tre forskingsspørsmål utforma.
1. I kva rekkjefølgje bør Stord kommune prioritere dei undersøkte energieffektiviseringstiltaka for å sikre at dei mest kostnadseffektive tiltaka vert implementert først?
2. Kva er det teoretiske potensialet for utsleppsreduksjonar gjennom energieffektivisering i kommunen sine bygningsmassar?
3. Kva er den forventa kostnaden av å realisere dette potensialet?
Det er konkludert med at det teoretiske potensialet for utsleppsreduksjonar ligg rundt 1560 tonn CO2-ekvivalentar per år, og at det vil koste om lag 877 millionar kroner å realisere dette potensialet. Når det gjeld kva energieffektiviseringstiltak som er dei mest kostnadseffektive, så er det laga ei detaljert rangeringsmatrise kor det er mogleg å hente ut anbefalte prioriteringsrekkjefølgjer basert på bygningstype og førtilstand. Det er likevel gjeve ei generell anbefaling om å delvis avvike frå tilrådingane denne matrisa gir for å sikre at tiltak av same natur vert implementert pakkevis, slik at potensielle stordriftsfordelar vert realisert.