Try to get through this day, dear.
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3056582Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Studentoppgaver (HV) [1347]
Sammendrag
BakgrunnI følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er 20% av sjukepleiarar ikkje i jobb i helsetenesta etter 10 år. Vi ønskjer å forstå kva utfordringar dei nyutdanna sjukepleiarane møter og kvifor dei vel å slutta.
HensiktHensikta med oppgåva er å belysa kva utfordringar nyutdanna sjukepleiarar møter når dei trer inn i arbeidslivet, samt å belysa kva for nokre område som krev ei endring.
MetodeVi har føretatt ein intergrativ litteraturoversikt basert på analyse av fire forskingsartiklar. Vidare har vi knytt dei opp mot anna aktuell fagkunnskap og eigne erfaringar som utgjer grunnlaget for våre konklusjonar i oppgåva.
ResultaterResultata peiker på at utfordringane går ut på eit misforhold mellom kva ein lærer i utdanning og kva som er forventa av ein på arbeidsplassen. Teorien har blitt beskriven som for idealistisk i forhold til sjukepleiepraksis. I tillegg er det utfordringar i startfasen av karrieren. Mange deltakarar i dei valde studiane opplev mangelfull opplæring og overveldande ansvar.