Fem fyrsteklassingar sine retrospektive refleksjonar kring overgangen frå barnehage til skule
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3087603Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette masterprosjektet har som føremål å få fram barn sine perspektiv på overgangen mellom barnehage og skule. Forskingsspørsmåla fokuserer på kva barna uttrykker som viktig kring tida i barnehagen, kva dei uttrykk kring kontinuitet mellom institusjonane, og kva erfaringar dei har gjort seg med literacy. Til grunn for oppgåva ligg eit syn på barn som aktive og meiningsberande bidragsytarar, og deira stemme blir sett på som eit elementært bidrag med å vidareutvikle ein god overgangspraksis i eit individuelt-, sosialt-, og fagleg perspektiv.
Datainnsamlinga er gjennomført om lag eit halvt år etter at barna har starta på skulen. I forskingsdesignet er det tatt omsyn til to aspekt; prosjektet sin retrospektive kontekst, og korleis ein på best vis kan løfte fram «barna sine stemmer». For å gjenkalle minner og erfaringar som ligg tilbake i tid vart barna tatt med tilbake til barnehagen dei hadde gått i, og det er brukt mosaikktilnærming som metode for å samle inn datamateriell. Mosaikktilnærminga tek med anna omsyn til at barn også uttrykk seg på andre måtar enn gjennom verbal tale. Metodiske verktøy som rundvising med barnet som guide, feltnotat, barna sine eigne fotografi og samtale med barna vart nytta. Gjennom den tematiske analysen vaks det fram sju overordna tema: Leik, rammer, kreativitet, materiell, relasjonar, utvikling og førebuing og namn.
Sjølv om det er individuelle skilnader kring kva forskarassistentane uttrykk som viktig, uttrykk samlege at ulike aspekt kring leik, rammer, relasjonar, kreativitet, og materiell blir høgt verdsett. Vidare viser funna at barna har erfart både kontinuitet og diskontinuitet i overgangen frå barnehage og skule. Den største opplevinga av diskontinuitet er knytt til filosofiske høve, gjennom det barna kallar «lekser». Uteleiken blir trekt fram som ein faktor som skapar samanheng mellom institusjonane. Vidare viser funna til at forskarassistentane har gjort seg fleire erfaringar med literacy i barnehagen, og at desse har potensiale for vidareutvikling i den ordinære lese- og skriveopplæringa.