Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHoem, Toril Frafjord
dc.contributor.authorSkorpen, Kristi Lund
dc.contributor.authorTrevland, Anne Elisabeth
dc.date.accessioned2023-09-05T15:52:07Z
dc.date.available2023-09-05T15:52:07Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uis:inspera:148940672:149398295
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3087604
dc.description.abstractSamandrag Utgangspunktet for denne kvalitative kasusstudien var interesse for at elevar på 1. trinn skulle få bruke stemma si til munnleg aktivitet i klasserommet, og at samtale rundt ei bok kunne gje elevane noko å samtale om. Studien retta også søkelyset på læraren si leiing av samtalane. Problemstillinga som studien prøvde å finne svar på var: Kva skjer når elevar på 1. trinn deltek i ein samtale om litteratur? Studien er tufta på eit sosiokulturelt læringssyn. Det teoretiske bakteppet for studien var teori og forsking knyta til munnleg kompetanse, dialogisk undervisning, litterære samtalar, litterær kompetanse og barnelitteratur. For å finne svar på problemstillinga, vart det gjennomført samtalar omkring boka Bo flyttar ut (Tjensvold, 2019). Elevar frå to klassar vart invitert til å vere deltakarar i samtalane. Det vart teke lydopptak, og transkripsjonane av desse samtalane vart empirien i studien. Desse vart analysert ut frå kategoriar som vart laga med utgangspunkt i teori og empiri. Funna viste at lærarane stilte mange spørsmål, og at desse var med på å styre korleis elevane deltok i samtalane. Som eit resultat av at det vart stilt mange spørsmål, brukte elevane først og fremst stemma si til å svare på spørsmål. Deretter var det kommentarar om illustrasjonane som dominerte. Sjølv om det var mange elevytringar, var det berre ein liten del av ytringane som viste litterær kompetanse. Predikasjon dominerte, og det var få indikasjonar på at elevane klarte å syntetisere eller lese med fordobling.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleKva skjer når elevar på 1. trinn deltek i ein samtale om litteratur?
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel