Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMitchell, Monica Gundersen
dc.contributor.authorOlsen, Silje Berge
dc.date.accessioned2023-09-05T15:52:10Z
dc.date.available2023-09-05T15:52:10Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uis:inspera:148940672:149398286
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3087607
dc.description.abstractSamandrag I denne studien har eg undersøkt nærare korleis oppgåver og skjønnlitterære tekstar i Norsk 5 og Fabel 5 kan bidra til skulen sitt danningsoppdrag. For å kunne svare på dette vart det utarbeidd to forskingsspørsmål: 1. På kva måte kan oppgåvene samla sett bidra til danningsoppdraget? 2. På kva måte kan dei utvalde tekstane med tilhøyrande oppgåver bidra til danningsoppdraget? Danning er eit stort og komplekst omgrep og eg har støtta meg til Laila Aase si forståing av danning og Wolfgang Klafki sin kategoriale danningsteori. Den kategoriale danningsteorien har vore den sentrale teorien i denne studien, men eg har også støtta meg til Louise M. Rosenblatt sin teori om estetisk lesing, Viktor Sjklovskij sin teori om underleggjering i litteraturen og Martha C. Nussbaum sin teori om den narrative førestillingevna. For å kunne svare på første forskingsspørsmål måtte eg kartlegge oppgåvene til dei skjønnlitterære tekstane frå begge læreverka. Her har eg hatt ei kvantitativ tilnærming. På andre forskingsspørsmål gjennomførte eg ein innhaldsanalyse i form av ein lærebokanalyse av dei utvalde tekstane frå Norsk 5 og Fabel 5. Her har eg hatt ei kvalitativ tilnærming. Funn frå analysen viser at dei utvalde tekstane er eksemplariske og kan bidra til danning. Begge lærebøkene har oppgåver som kan bidra i danningsoppdraget til skulen, men oppgåvene frå Norsk 5 utnyttar danningspotensiale i dei utvalde tekstane betre enn det Fabel 5 gjer i sine oppgåver,
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleLæreboka og skulen sitt danningsoppdrag - om korleis oppgåver og utvalde skjønnlitterære tekstar kan bidra til danningsoppdraget til skulen.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel