• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Universitetet i Stavanger
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Economics and Business Administration
  • Master's theses (SV-HH 2008-2017)
  • View Item
  •   Home
  • Universitetet i Stavanger
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Economics and Business Administration
  • Master's theses (SV-HH 2008-2017)
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Vurdering av etablerte produktinnovasjonsprosessar til bruk i konseptinnovasjon i hotell- og restaurantnæringa

Vedøy, Lars Helge
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Vedøy, Lars Helge.pdf (1.771Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/183767
Date
2009
Metadata
Show full item record
Collections
  • Master's theses (SV-HH 2008-2017) [412]
Abstract
Konseptutvikling i hotell- og restaurantnæringa er ofte eit resultat av kaotiske

meiningsprosessar og enkeltindivid sine meiningar om kva som er trenden og behovet i

marknaden. Lite ressursar har blitt via til å etablere ein modell som kan sortere informasjon

og prosess for å tilpasse dei nye konsepta som blir laga mest mogleg i tråd med verksemda sin

strategi på marknad og utvikling, samstundes som konseptet òg er vinkla opp imot kva

marknaden vil ha.

Kan ein nytte etablerte produktinnovasjonsprosessar til å utvikle bærekraftege konsept

i hotell- og restaurantnæringa?

For å svare på denne problemstillinga er det vald et design som består av å studere forskjellige

teoriar for så å prøve å kombinere desse på ein måte som gjer prosessane tilpasse denne typen

utvikling, for så å sette desse teoriane delvis ut i live for å teste dei ut i ein verkeleg situasjon.

Teoriane har blitt testa ut på utviklinga av eit nytt konsept av ein kafé/lunsjrestaurant/bar i eit

etablert, historisk hotell sentralt i Stavanger, Victoria Hotel. Lokalet rommar i dag ein bar

som opnar i kveldinga. Lokalet står ubrukt heile dagen utanom. Styret har signalisert at dei

ynskjer at lokalet får ein større utnyttingsgrad enn det har i dag.

Gjennomgangen består i å fullføre ein versjon av ein Stage-gate modell, og implementere

blant anna Lead users teori inn i denne. I gjennomgangen av prosessen har det blitt nytta

forskjellige intervjuteknikkar, spesielt retta mot leiarbrukarar av barar og kafear ein ynskjer å

samanlikne seg med i nærmiljøet. Ein har gjennomført forsøk på kvantitative undersøkingar

for å finne leiarbrukarar. Så har desse leiarbrukarane blitt førespurde om å være med på eit

djupeintervju av kvalitativ art. Resultata frå denne undersøkinga har så danna eit grunnlag for

ei fokusgruppe som har vidareevaluert prosjektet.

Stage-gate modellen har i denne samanheng vist seg å være svært mogleg å gjennomføre på

denne typen prosjektutvikling, men med nokre modifikasjonar og endringar, som modellen

sjølv inviterer i følgje teorien. Modellen let seg òg fint kombinere med dei andre teoriane som

blei introduserte, men forfattaren skulle gjerne hatt meir tid og ressursar til å gå meir i djupa

og introdusere enda fleire teoriar for å gjere arbeidet ferdig. Blant anne gjeld dette

operasjonaliserings- planlegginga og –utføringa. Alt i alt er det godt grunnlag for å seie at

modellen, dersom tilpasse kvar ein situasjon og prosjektstorleik, vil kunne brukast til å utvikle

konsept i hotell- og restaurantnæringa.
Description
Master's thesis in Firm management
Publisher
University of Stavanger, Norway
Series
Masteroppgave/UIS-SV-IØL/2009

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit