Show simple item record

dc.contributor.authorOpheim, Anita
dc.date.accessioned2010-03-01T16:38:00Z
dc.date.available01-09-2010
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/184392
dc.descriptionMaster's thesis in Art and culture studiesen
dc.description.abstractMed denne oppgåva ønskjer eg å sjå Stavanger som ein global aktør i den interurbane konkurransen, og framhever kultur som eit satsingsområde i denne samanheng. Eg vil peika på strategiar Stavanger brukar for å framheva seg som attraktiv by i ein global kontekst, og ser på kultursatsing som ein strategi for å byggja opp imaget til byen. Eg vil peika på Stavanger si orientering mot det eg kallar standardiserte og differensierte konkurransereglar i den interurbane konkurransen. Slik kjem eg inn på Stavanger si satsing som europeisk kulturhovudstad 2008, noko eg ser på som ei orientering mot standardiserte strategiar. I tillegg ser eg utviklinga av Stavanger Øst, der kulturnæring og gentrifisering spelar ei viktig rolle, som orientering mot ein slik standardisert strategi. Å bruka standardiserte strategiar kan vera med på å styrka imaget som global aktør. Slik set byen seg i samanheng med andre byar som nyttar same strategiar. Til dømes er Stavanger no i eit nettverk av tidlegare kulturhovudstader, noko som formar imaget til byen. Men i tillegg til å bruka standardiserte strategiar, er det eit mål å differensiera seg frå andre byar. Dette er viktig for å skapa seg eit image som gjer byen meir attraktiv som turistmål, arbeidsplass og bustadområde. Eg ser på arkitekturprosjektet Norwegian Wood som eit prosjekt Stavanger brukar for å skapa seg eit differensiert image som trehusby og kunnskapssenter for miljøvenleg, framtidsretta trearkitektur. Eg ser kultur som ein viktig sektor, ikkje berre isolert sett, men i ein større samanheng. At Stavanger gjer ei eksplisitt satsing på kultur er eit uttrykk for ein klar politisk og økonomisk strategi. Denne utviklinga i Stavanger ser eg i samband med globale neoliberale urbaniseringsprosessar med eit økonomisk fokus. I den neoliberale diskurs spelar kultur ei rolle som økonomisk reiskap og som ein generator for urban regenerering. I Stavanger spelar kultursatsinga ei eksplisitt rolle i å gjera regionen til ein meir attraktiv stad å bu i, jobba i og vitja. Her blir kultur framheva som ei økonomisk søyle som kan vera med på å gjera byen mindre sårbar for svingingar i oljenæringa. I tillegg til å peika på Stavanger som ein brukar av standardiserte og differensierte strategiar, drar eg parallellar frå kultursatsing og imagebygging til politikk og økonomi, då offentleg-private samarbeid gjer seg gjeldande på byutviklingsstrategiane i byen.en
dc.format.extent747407 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IMKS/2010en
dc.subjectkunsten
dc.subjectkulturvitenskapen
dc.subjectgentrifisering
dc.subjectStavanger
dc.subjectinterurban konkurranse
dc.subjectbyutvikling
dc.subjectdifferensiering
dc.subjectstandardisering
dc.subjectKulturhovedstad
dc.subjectThirdspace
dc.titleStavanger som kulturell og global aktør i den interurbane konkurransen ved hjelp av standardiserte og differensierte strategiaren
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Cultural science: 060::Nordic cultural science: 061en


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • Studentoppgaver (SV-IMS) [1267]
    Master- og bacheloroppgaver i Endringsledelse / Kunst og kulturvitenskap / Samfunnssikkerhet / Dokumentarproduksjon

Show simple item record