Show simple item record

dc.contributor.authorKristensen, Aud Søyland
dc.date.accessioned2008-07-21T12:35:05Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185318
dc.descriptionMasteroppgave i Lesevitenskap
dc.description.abstract1. Innleiing : Eg startar innleiinga med å gjere greie for val av tema, og presenterer problemstillingane om makt, kjønn og seksualitet i Arne Garborg sine Kristiania-romanar. For å granske emnet, har eg valt å analyse det litterære individet Gabriel Gram i dei to tekstane Mannfolk og Trætte mænd med enkelte utfyllande kommentarar henta frå teksten i Hjå ho mor. Det er likevel Trætte mænd som er hovudteksten for analysen. Vidare i innleiinga set eg Trætte mænd inn i ein historisk kontekst ved å presentere hovudtendensane i resepsjonshistoria frå boka kom ut til i dag. Teksten har blitt tolka inn i fleire diskursar. Etter utgivnaden var det den religiøse diskursen som vart vekta, tolka i eit tradisjonelt kristent perspektiv. Frå 1930-talet og utover var det den ironiske diskursen som var rådande. Mot slutten av 1900-talet vart teksten tolka i eit dekadanseperspektiv. I dei seinare åra har kjønnsdiskursen vorte meir gjeldande som tolkingsgrunnlag. Denne oppgåva er ei vidareføring av den resepsjonshistoriske tendensen og sluttar seg til kjønnsdiskursen. 2. Teori I dette kapittelet presenterer eg dei fire hovudteoriane for analysen: den franske kultursosiologen Pierre Bourdieu (Den maskuline dominans), den poststrukturalistiske franske filosoen Michel Foucault (Seksualitetens historie), den franske feministen og lingvisten Julia Kristeva (Svart sol) og til slutt den amerikanske feministen Camille Paglia (Sexual personae). I dette kapittelet gjer eg greie for dei enkelte teoriane og kvifor eg har valt dei. Eg kjem også inn på det motsetnadsfulle i desse fire teoriane, som kan virke paradoksalt for analysen, men som eg finn korresponderande med både tekstgrunnlaget og tolkingsprosessen. DEL II : ANALYSAR 3. Den androgene kosmologien : Mannfolk I dette kapittelet analyserer eg Gabriel Gram på grunnlag av teksten i Mannfolk, som utgjer første del av analysen. Analysen i sin heilskap har som mål å avdekke dei mekanismane som verkar på og formar det mannlege kjønnet og seksualiteten. I denne delen er det dei sosiale maktmekanismane eg avdekkar, og den dominerande diskursen som fremjar det maskuline kjønnet. Ved å analysere teksten på bakgrunn av Bourdieu sin teori om den maskuline dominansen, ser me korleis aktørane i det sosiale feltet spelar på kvarandre og kven som innehar og opprettheld makta gjennom ulike former for symbolsk kapital. Foucault sin påstand om diskurs som maktfaktor, ser me ved å analysere det retoriske omgrepet ’fri kjærleik’ i det sosiale feltet. Dette omgrepet står fram som eit frigjeringsmanifest, men syner seg å vere ei omforming av maktstrukturar med mål å vidareføre og oppretthalde makta hos dei dominante aktørane, som er menn. 4. Frå kjønn til skrift : Trætte mænd Andre del av analysen tek sikte på å trengje ned til det ’undermedvitne’ i teksten, dvs. korleis det undermedvitne i hovudfiguren Gabriel Gram kjem til syne i teksten. Dette har eg gjort ved å bruke Kristeva sin teori bygd over Freud si lære om psykoanalyse. Analyse av kjønn og seksualitet er mogleg å studere i skrifta og korleis ulike affektar påverkar skrivaren. Dagboksforma gjer det mogleg å trengje gjennom det undermedvitne hos skrivaren ved å forsøke å tolke korleis forfattaren legg ut agn som er usynlege for skrivaren men synlege for lesaren. Denne granskinga avslører kva begjæret er retta mot, og gir lesaren eit innblikk i det erotiske aspektet i det litterære individet. Mot slutten av analysen set eg det kvinnelege og det mannlege inn i ein djup kulturell kontekst på bakgrunn av Paglia sin teori om naturen som den viktigast og mest deterministiske føresetnaden for kjønn. Ho knyt determinisme utelukkande til det biologisk fødte kjønnet, men ser eit mangfald av ulike variasjonar av kvinnelege og mannlege psykiske element i begge kjønn. Analysen viser korleis mannen utviklar strategiar for å tøyle ein arkaisk frykt for naturen som kvinna ikkje i like stor monn har. 5. Konklusjon I konklusjonen knyt eg analysen endå tettare mot dei tekstlege elementa i dei to bøkene for å seie noko om den litterære sjangaren og dei moglegheitene sjangar og språk gir for formidling av ein bodskap. Eg meiner Garborg presenterer ein tydeleg bodskap som ligg implisitt i teksten. Argumentasjonar for dette gir eg ved å utdjupe den litterære, sosiale og samfunnsmessige konteksten dei såkalla Kristiania-romanane vart skapt i.
dc.format.extent607033 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonor
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norway
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2008
dc.subjectArne Garborg
dc.subjectkjønn
dc.subjectmakt
dc.subjectmanndom
dc.subjectseksualitet
dc.subjectlesevitenskap
dc.titleDen maskuline dominansen og Trætte mænd
dc.typeMaster thesis
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record