Show simple item record

dc.contributor.authorStaurseth, Hanne Egenæs
dc.date.accessioned2010-07-07T09:10:03Z
dc.date.available2010-07-07T09:10:03Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185378
dc.descriptionMaster's thesis in Lesevitenskapen_US
dc.description.abstractI 1858 oppretta Aasmund Olavsson Vinje Dølen: eit vikublad, og drista seg derifrå til å komme med ytringar på landsmål i ei elles så riksmålsprega allmente. Dette er ei avhandling om desse ytringane, om motstanden dei fekk, og om korleis ein døleideologi står i eit borgarleg ytringsrom. Dette er derimot ikkje (nok) ei avhandling om det nynorske målstrevet som prega siste halvdelen av 1800-talet, men ei avhandling om Vinje. Det er Vinje si stemme og Vinje sin forfattarskap som er kjernen i diskusjonen, men det er ikkje mogleg å sjå på denne stemma utan at det kontekstuelle og målstreverske kling med. Avhandlinga er bygd kring tesen om at målstrevet til Vinje dreier seg om meir enn språk – det blir kulturkritikk: Heile avisprosjektet til Vinje er ideologisk markert, og står med språk og skrivestil, døleidentitet og døleideologi som ein sosiokulturell kontrast til det resterande offentlege rommet. Målet med avhandlinga er å seie noko om korleis Vinje sitt språklege prosjekt fører til både ein alternativ offentleg diskurs, eit ytringsrom forankra i dølemålet, i konteksten det står i, og til ein spesiell poetikk, ei bakanforliggjande norm for diktinga sin eigenart, i tekstane. Analysen er derfor todelt, og vil først dreie seg om (språk)politikken Vinje gjer seg til talsmann for, så om kunstsynet han (med denne politikken) representerer. Metoden som er brukt er diskursiv omgrepsanalyse. For å sjå korleis det språklege prosjektet fører til ein alternativ diskurs, ser vi på korleis Vinje, ved hjelp av alternative definisjonar og nye samband mellom politiske omgrep som språk, kultur, allmuge, borgarskap, folket, nasjonalitet, offentleg og døl, skapar seg eit nytt Noreg. Dette gir vidare implikasjonar for poetikken til Vinje ved at det fargar omgrepa som dreier seg om kultur, kunst, dikting, stil og språk. Påstanden i avhandlinga er følgjande: Gjennom å bryte med norma som finst i det offentlege rommet, både politisk og poetisk, men utan å tre ut av det, skapar Vinje ei alternativ allmente, ein alternativ offentleg diskurs som er forankra i dølemålet hans.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2010;
dc.subjectlesevitenskapen_US
dc.subjectliteracy studiesen_US
dc.subjectVinje, Aasmund Olavssonen_US
dc.subjectdiskursen_US
dc.subjectborgarleg allmenteen_US
dc.subjectnynorsk allmenteen_US
dc.subjectspråkkritikken_US
dc.subjectspråkpolitikken_US
dc.subjectpoetikken_US
dc.titleDølen blant borgarane: ein diskursiv omgrepsanalyse av eit djervt, norsk og endå litt rått prosjekten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::General literary science: 041en_US
dc.source.pagenumber98en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record