Show simple item record

dc.contributor.authorKnudtzen, Benedicte Christie
dc.date.accessioned2013-10-31T12:22:42Z
dc.date.available2013-10-31T12:22:42Z
dc.date.issued2013-05-15
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185426
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy studiesno_NO
dc.description.abstractI mi avhandling har eg skrive om teatertekstens utvikling i arbeidsprosessen med ei framsyning, og kva type tolkingsfellesskap vi kan finne i teateret. Av di eg alltid har vore interessert i teater, var det naturleg å undersøke det her. Eg har valt å gå bak sceneteppet i dette høvet, der eg fokuserer på dei arbeidsprosessane som førar fram til framsyninga. Eg har fått lov til å undersøkje ei moderne tolking av Bibelen, sette opp ved Det Norske Teatret våren 2013. Eg valte meg ut ei scene frå manuskriptet, og fekk tilgang til to utgåver av ho, frå oktober og januar. Ved hjelp av desse tekstane, i tillegg til førelegget, har eg sett på korleis historia om ofringa av Isak endrar seg frå bibelhistoria til teaterteksten. Eg har òg intervjua aktørane i teateret som er knytt til denne scena, for å undersøkje kva slag tolkingsfellesskap eller interpretive community, dei er ein del av. Gjennom teatertekstanalysen, har eg sett på korleis karakterane, historia og strukturane i tekstmaterialet endrar seg. Teaterteksten gir stort rom for meddikting, som er tydeleg i oktober-utgåva av manuskriptet. Utgangspunktet for denne teksten, er to vers i bibelteksten om ofringa av Isak. Historia i manuskriptet har blitt utvida, og han har fått eit meir spanande perspektiv på karakterane i historia, relasjonane mellom karakterane, og oppbygginga av fortellinga har blitt meir fengjande. Spesielt interessant er det å sjå korleis oppfatninga av karakterane endrar seg gjennom utviklinga av teaterteksten, og sjå korleis fjerning av anten replikkar og scenetilvisingar kan påverke inntrykket vårt av karakterane og historia. I undersøkinga av tolkingsfellesskapet, har eg teke utgangspunkt i kvalitative intervju med informantane kopla til historia om ofringa av Isak. Ved å sjå på deira bakgrunn, religiøsitet, deira tilhøve til tekst, og deira tolking av historia om ofringa, har eg prøvd å sjå kva tolkingsfellesskap dei delar. Tolkingsstrategiane dei brukar er ulike, noko som tilseier at det ikkje finst eitt tolkingsfellesskap kopla til den aktuelle teksten. Men, gjennom intervjua kom det fram at dei er ein del av eit generert tolkingsfellesskap. Det vil seie at i samband med framsyninga Bibelen, blei det konstruert eit tolkingsfellesskap på førehand, som skapar ein slags mal for korleis aktørane i teateret skal tolke historia om ofringa. Dette tydar på at den genererte tolkingsstrategien påverkar ikkje berre informantane, men òg sjølve teaterteksten.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2013;
dc.subjectlesevitenskapno_NO
dc.subjectteatertekstno_NO
dc.subjecttolkingsfellesskapno_NO
dc.subjectteaterno_NO
dc.subjectdet norske teatretno_NO
dc.subjectlesevitskapno_NO
dc.titleBak sceneteppet. Teatertekstens utvikling og tolkingsfellesskap i teateretno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::General literary science: 041no_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Movie and drama: 170::Theatre studies: 172no_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record