Show simple item record

dc.contributor.authorHakestad, Aud Jorunn Haugen
dc.date.accessioned2013-10-31T12:11:31Z
dc.date.available2013-10-31T12:11:31Z
dc.date.issued2013-05-15
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185430
dc.descriptionMaster's thesis in Literacyno_NO
dc.description.abstractJimmen (2011) av Øyvind Rimbereid er eit dikt der framstillinga av staden tyder mykje for meiningsdanninga. Stavanger på 70-talet er bakteppe for handlinga. Eit todelt lyrisk eg i diktet, køyrekaren og hesten Jimmen køyrer matavfall frå byen til grisebonden og tømer dokaggar nattestid. Eg les diktet med fokus på staden og tilhøvet dei to eg-a har til han. Eg ser på staden ut frå teoriar om staden som ein sosial konstruksjon og staden som livsvilkår for individet, der teoriar som byggjer på fenomenologien òg blir undersøkt. Det religiøse og mytiske aspektet har samband med ekstralitterære tilhøve knytta til staden, men òg til andre tekstar. I sjølve teksten bidrar dette aspektet til vertikale rørsler, som er vesentlege for meiningsdanninga. Eg undersøker strukturen i diktet og avdekker ein syntaktisk og ein semantisk dimensjon . Utgangspunktet er Aristoteles' teoriar om kunsten som etterlikning av livet til mennesket, der omgrep som mimesis, og innhaldselementa ethos, mythos og dianoia er sentrale. Denne teorien er seinare handsama av mellom andre Atle Kittang. Tilhøvet mellom dei tre innhaldselementa endrar seg etter framstillingsmåten. I den episke framstillingsmåten er mythos viktigast og ethos og dianoia konkretiserer og fyller ut. I den lyriske framstillingsmåten støttar mythos og dianoia opp om ethos. Det underlege kjem då tydeleg fram. I den syntaktiske dimensjonen er det berre eitt lyrisk eg, den som set i scene, medan det i den semantiske dimensjonen ser ut til å vera to-delt. "Jimmen" (2011) er eit topografisk dikt der det romslege dominerer, men samstundes har det eit temporalt aspekt, både strukturelt gjennom den episke framstillingsmåten, og tematisk. Det lyriske, konfesjonelle er mest framståande og gjer dimed at det lyriske eg-et er i fokus. I den semantiske dimensjonen er ethos det som samlar dianoia og mythos til ein meiningsfull heilskap og gjer at diktet har som siktepunkt å visa mennesket si livsverd og korleis det kjennest "å vera til stades". Staden i diktet er i rørsle. Staden som samlar er samstundes staden som går i oppløysing og breier seg utover. Økonomiske, sosiale og kulturelle tilhøve er ein del av ei "vidle flagring", der køyrekaren, hesten og systera er i ferd med å gi tapt. Men det som blir tapt, hamnar "innerst" og går inn i eit organisk krinsløp der "alt bler te någe aent" (s. 53) og "syddra" blir til olje. Diktet viser ei anna historie der staden er sett nedanfrå, frå dei som ikkje kjenner staden som noko vernande og trøystande.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.subjectØyvind Rimbereidno_NO
dc.subjectlesevitskapno_NO
dc.subjectlitterær analyseno_NO
dc.subjectpoetikkno_NO
dc.subjectlyrikkno_NO
dc.subjectstadno_NO
dc.subjectlesevitenskapno_NO
dc.subjectpoesino_NO
dc.subjectStavanger
dc.titleÅ vera til stades. Ei lesing av Jimmen (2011) av Øyvind Rimbereidno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042no_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::General literary science: 041no_NO
dc.source.pagenumber96no_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record