Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGilja, Tove
dc.date.accessioned2009-08-27T11:34:58Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185589
dc.descriptionMaster's thesis in Special educationen
dc.description.abstractMålet med denne masteroppgåva er å sjå på korleis elevar i barneskulen tileignar seg staveferdigheit. Forskarar innanfor temaet staving er usamde om korleis utviklinga av staveferdigheit går føre seg. Tilhengjarane av dei tradisjonelle stadieteoriane hevdar at utviklinga av staveferdigheit følgjer eit bestemt mønster (til dømes Brown, 1990; Ehri, 1992; 1998; Frith, 1980; 1985; Gentry, 1982; Henderson, 1980; Henderson & Templeton, 1986; Høien & Lundberg, 1988; Marsh, Friedman, Welch & Desberg, 1980; Nunes, Bryant & Bindman, 1997; Templeton & Bear, 1992) . Born si staveutvikling går igjennom fleire stadium. Kvart stadium er karakterisert av ein bestemt stavestrategi. Når ein studerer ”Overlapping Waves modellen” som gjeld staving, vil ein sjå at modellen viser at born har tilgang på ulike stavestrategiar og vel strategi utifrå kva oppgåva krev (Rittle Johnson & Siegler, 1999). Seymour (1987) hevdar at ortografisk stavestrategi utviklar seg på grunnlag av fonologisk stavestrategi. I følgje ”Single-route modellen” og Burt og Fury ( 2000) blir både kjende og ukjende ord stava med utgangspunkt i ordspesifikk informasjon. Konneksjonistane meinar at utviklinga går føre seg ved at det skjer ei gradvis betring mellom konneksjonane mellom språklyd og bokstav. (Skaathun, 2007) Med utgangspunkt i dei tradisjonelle stadiemodellane vil vi stilla spørsmål om utviklinga av stavedugleiken går igjennom ein bestemt sekvens av utviklingsstadium. Vi ønskjer også å sjå på om utviklinga av fonologisk stavedugleik er eit avslutta løp når elevane byrjar å stava ved hjelp ortografisk stavestrategi, og om utviklinga av stavedugleik er ulik for jenter og gutar. Undersøkinga har ei kvantitativ tilnærming. Studien blei gjort på ein relativt stor grunnskule på Jæren. Utvalet for undersøkinga er 376 elevar frå 1. – 7. klasse. Resultata av undersøkinga byggjer på ei tverrsnittsundersøking i form av ein diktat som blei gjennomført på alle klassetrinn. Resultata frå undersøkinga kan tyda på at utviklinga av fonologisk og ortografisk stavestrategi skjer parallelt . Dataa frå studien viser også at i einskilde periodar kan bruk av ein bestemt stavestrategi dominera. Desse funna kan sjåast i samanheng med ”Overlapping Waves modellen”. Resultata kan vanskeleg forklarast ut i frå stadiemodellane og det at utviklinga av stavedugleik går igjennom ein bestemt sekvens av utviklingsstadium.Funna viser at utviklinga av fonologisk stavestrategi har ei statistisk signifikant utvikling frå 1. – 3. klasse. Utviklinga av fonologisk stavestrategi held seg relativt stabil frå 3. – 7. klasse. Dataa viser også at utviklinga av staveferdigheit er ulik for jenter og gutar. Gutane ser ut til å tileigna seg det alfabetiske prinsippet, eller ein fonologisk stavestrategi seinare enn jentene. Utviklinga av ortografisk staveferdigheit startar tidlegare hjå jentene, allereie i 1.klasse. Funna viser også at gutane ligg etter når det gjeld utvikling av ortografisk stavedugleik. Jentene har ein statistisk signifikant auke når det gjeld utvikling av ein ortografisk stavestrategi frå 4. – 5. klasse, medan gutane har ein statistisk signifikant auke frå 5. – 6. klasse.en
dc.format.extent512791 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IAS/2009en
dc.subjectspesialpedagogikken
dc.subjectstavingen
dc.subjectnorsken
dc.subjectutviklingen
dc.subjectbarneskoleen
dc.titleUtvikling av staveferdigheit : ei kvantitativ undersøking i ein norsk barneskuleen
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Special education: 282en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [1165]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel