Show simple item record

dc.contributor.authorHalland, Sissel J. Aastvedt
dc.date.accessioned2014-09-26T09:23:48Z
dc.date.available2014-09-26T09:23:48Z
dc.date.issued2014-06-18
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/221710
dc.descriptionMaster's thesis in Early childhood educationnb_NO
dc.description.abstractProsjektet mitt utforskar, med eit fenomenologisk, tidvis poststrukturelt perspektiv, korleis estetisk merksemd kan skape rørsle i barnehagen sitt praksisfelt. Med problemstillinga: Kva kjenneteiknar dei kroppslege og estetiske opplevingane til toddlaren i møte med materialar, ønskjer eg å utfordra barnehagen sin praksis og tenkemåtar om kva barnehagen kan vera for dei aller yngste barna. Ved å tilby barn materialar som ikkje er knytt opp til den praktiske persepsjonen og lærte forventingar, slik ferdigproduserte og strukturerte leikety gjer, kan det sjå ut som om den estetiske dimensjonen kan eksistera i eit større rom slik at verdien av opplevingane i møte med dei ulike materialane kjem fram i lyset. På denne måten kan dei yngste barna vidareføra og vidareutvikla si medfødde estetiske haldning gjennom kroppslege, estetiske og relasjonelle møter med kvarandre og materiala. Mi vitskapelege tilknyting og kunnskapsinteresse kviler på filosofen Maurice Merleau-Ponty og inspirasjon henta frå hans kroppslege fenomenologi. Eg er også inspirert av Gunvor Løkken som har tolka sitt toddlerstudie inn i den ramma som Merleau-Ponty stod for. Vidare opnar den intraaktive pedagogikken med Lenz Hillevi Taguchi opp for at materialane er sterke performative agensar som inngår i ein intraaktivitet med materialar og menneske. Ved å relatera barna sine relasjonar, - og den estetiske aktiviteten der dei møter ulike materialar til kunst, - seier eg at barna med eigne kroppar vert ein del av kunstverket. Men materialane i seg sjølve er også arbeid med kunst. Barna har agentskap i relasjonen til kvarandre og til materiala dei opplever og er i møte med. Eg har gjennom observasjonar i ein barnehage, analysert og fortolka ved hjelp av teori relatert til Hans-Georg Gadamer og Max Van Manen. Eg har funnet fram til fem ulike kategoriar som kjenneteiknar toddlaren si kroppslege og estetiske oppleving i møte med materialar; Tilstedeverelse, gjentakingar, begeistring, interaksjonar og kroppslegheit. Kategoriane eg har valt ut er ikkje nye, ei heller ukjende, og kan sjåast i tråd med funn frå Løkken si forsking. Eit av mine mest interessante funn kan knytast til materialane og korleis materialane verkar og interagerar med toddlaren. Materialane oppmuntrar og lokkar til leik. Eit anna funn kan knytast til omgrepet toddlar, og det alders- og størrelsesprega i denne aldersgruppa som skjuler seg i omgrepet toddlar. Det er og interessant at den vaksne si lading av materiala er så avgjerande. Gjennom lading av materialar skapar pedagogen noko som gjev materiala ny glød og nye affordansar. Pedagogen trekker barna til seg på ein måte som om heile situasjonen vert grenseoverskridande og lar alt tre fram i eit nytt lys gjennom å presentera materiala for barna på ein magisk måtenb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IBU/2014;
dc.subjectbarnehagevitenskapnb_NO
dc.titleToddlaren i møte med materialarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::General education: 281nb_NO
dc.source.pagenumber93nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record