Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorWestergård, Elsa
dc.contributor.authorHøynes, Turid Stavnem
dc.date.accessioned2018-02-16T13:04:23Z
dc.date.available2018-02-16T13:04:23Z
dc.date.issued2017-12
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2485413
dc.descriptionMaster's thesis in Special educationnb_NO
dc.description.abstractDenne oppgåva er basert på ein studie der elevar på 7.klassetrinn er informantar. Oppgåva forsøker å skildre korleis elevane opplever relasjonen til lærar, kva som kjenneteiknar ein god relasjon og kva aspekt ved denne som stimulerer til fagleg læring. Det ligg ein kvalitativ forskingsmetode til grunn for studien. Datamaterialet i studien er seks semistrukturerte intervju. Dette talet er i følgje Thagaard (2013) veleigna til å gå i djupna på eit fenomen. Funna er baserte på meiningskonstruksjon der ein skapar meining gjennom å relatere fenomen til kvarandre. I denne studien vert relasjonar mellom lærar - elev forstått som dei sosiale fenomena som føregår i klasserommet. Fleire teoriar er med å klargjer temaet. Pianta sitt teoretiske rammeverk om klasseleiing; Teaching through Interactions (Hamre et.al., 2011) dannar ei innramming av oppgåva som syner korleis han forstår relasjonar i klasserommet. Det primære fokuset er på den emosjonelle og faglege støtta som læraren gir elevane. Ulike teoretiske perspektiv som han støtter seg til, tilknytingsteori, motivasjonsteori og sosiokulturell teori, er med å klargjer temaet. Teoriane støtter opp om det komplekse samspelet som går føre seg i klasseromskonteksten. Vidare er det synt til forsking og teori om kva innverknad relasjonar har på elevane si faglege læring. Studien har to forskarspørsmål som begge ser etter aspekt ved relasjonen til lærar. Det første forskarspørsmålet tek føre seg den emosjonelle biten av relasjonen, mens det andre forskarspørsmålet fokuserer på den faglege biten. Resultata i studien syner at elevane sit med både kunnskap og røynsler om relasjon til lærar og kva denne betyr. Dei fortel om hendingar i klasserommet som bidreg til meir kunnskap om kva elevane ser på som gode relasjonar til lærar. Emosjonell støtte gjer at elevane kjenner seg verdsette. Støtta gir auka tryggleik og elevane kan bruke energi på skulearbeid. Den faglege støtta har innverknad på elevane si læring då denne støtta bidreg til både å auke motivasjonen og gir betre tilrettelegging. Studien viser også at gode relasjonar vert utvikla i arbeidet med faga, og at det er samanheng mellom gode relasjonar og klasseleiing. Vidare viser han trekk ved læraren si undervisning og interaksjonen som styrker relasjonen til elevane. Dei aspekta ved relasjonen til lærar som elevane har trekt fram, kan difor vere til god hjelp for læraren i arbeidet med å byggje gode relasjonar som stimulerer elevane til fagleg læring.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IGIS/2017;
dc.subjectspesialpedagogikknb_NO
dc.subjectrelasjonarnb_NO
dc.subjectklasseleiingnb_NO
dc.subjectdet autoritative perspektivetnb_NO
dc.subjecttilknytingsteorinb_NO
dc.subjectoppdragarstilarnb_NO
dc.subjectmotivasjonsteorinb_NO
dc.subjectsosiokulturell teorinb_NO
dc.subjectutdanningsvitenskapnb_NO
dc.subjectklasseledelsenb_NO
dc.titleEmosjonell og fagleg støtte. Relasjonar mellom elevar og lærarar sett frå eit elevperspektiv.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282nb_NO
dc.source.pagenumber87nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel