Unge med psykiske helsevanskar og deltaking i vidaregåande skule: ein kvalitativ studie om unge sine erfaringar
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2619331Utgivelsesdato
2019-05-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Studentoppgaver (HV) [1300]
Sammendrag
Denne studien har utgangspunkt i den aukande andelen unge som faller ut av vidaregåande utdanning, ofte med bakgrunn i psykisk helseproblematikk. Skuleresept ved Stavanger Universitetssjukehus har sidan 2014 arbeida med å støtte ungdommar med moderat til alvorleg psykisk liding med å ivareta sin utdanning. Skuleresepts grunntanke er å jobbe mot stigmatisering av elevar med alvorleg psykisk liding og støtte den enkelte til å ivareta sin utdanning og slik oppleve meistring. Skuleresept følgjer opp den enkelte elev og utdanningsinstitusjonen. Siktemålet med masterstudien har vore å få auka kunnskap om kva unge med psykiske helsevanskar erfarer medverkar til at dei klarar å delta i vidaregåande skule, og om oppfølginga dei får av Skuleresept har ein betyding for at dei klarar å stå i utdanning. Problemstillinga var: Kva erfarer deltakarar i Skuleresept hemmar og fremjar deltaking i vidaregåande skule, dersom man har psykiske helsevanskar?
Kvalitativ metode og individuelle intervju blei anvendt for å belyse studiens problemstilling. Data blei samla inn frå sju informantar, både gutar og jenter som alle hadde erfaringar med å slite psykisk.
Resultata visar at det både er forhold som hemmar og fremjar deltaking i skulen. Erfaringar med å ha det krevjande psykisk beskrivast som ein sentral årsak til at deltaking i skulen blei opplevd som utfordringane. Funna visar at å tileigne seg innsikt i eigen sjukdom, å oppleve støtte frå vener og familie, samt å kjenne seg delaktig i eit inkluderande klasse- og skulemiljø, gir styrke til å klare å delta på skulen. Oppfølginga informantane fekk av Skuleresept utgjorde eit viktig bidrag for å klare å stå i utdanninga.
Beskrivelse
Master`s thesis in Substance Use and Mental Health Work