Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJensen, Maria Therese
dc.contributor.authorFolgerø, Kari, Frendem
dc.date.accessioned2020-09-11T10:54:35Z
dc.date.available2020-09-11T10:54:35Z
dc.date.issued2020-05
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2677391
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy studiesen_US
dc.description.abstractLesing som grunnleggjande dugleik står svært sentralt i vårt tekstbaserte samfunn. Likevel viser det seg at born og unge brukar mindre tid på lesing i dag enn dei gjorde for berre nokre år sidan. I denne masteroppgåva ønskjer eg å sjå på korleis bibliotektimen kan vera eit bidrag i arbeidet med engasjement og motivasjon for lesing hos elevar på barneskulen. Bibliotektimen er ein undervisningstime som vert praktisert på mange skular. Den finn stad på skulebiblioteket kvar veke og er sett saman av formidling, boklån og lesing. Forskingsspørsmålet for studien er: «Korleis kan bibliotektimen vera med og stimulera engasjement og motivasjon for lesing hos elevar på barneskulen?», med underspørsmålet: «Er det ulikskapar knytt til alder og kjønn på elevane?». Masteroppgåva er ein kvalitativ studie som baserer seg på observasjon av bibliotektimen på 2. og 6. trinn og tolv elevintervju. I intervjua svara elevane på spørsmål knytt til engasjement og motivasjon for lesing og deira oppleving av bibliotektimen dei deltok i. Funna er kategorisert etter Guthrie (2008) sine motivasjonsområde: sosial interaksjon, kontroll og val, forventning om meistring og interesse. Materialet viser at funna i stor grad samsvarar med tidlegare forsking knytt til engasjement og motivasjon for lesing. Elevane er positive til timen, og dei fortel at den er til både glede og inspirasjon for eiga lesing. Timen inneheld varierte aktivitetar, og elevane opplever ein større grad av fridom enn i tradisjonelle undervisningstimar. Funna indikerer at dette kan leggja eit godt grunnlag for at den enkelte elev opplever meistring, noko som kan verka positivt inn på sjølvbiletet til elevane. Fridomen elevane får på biblioteket vart i størst grad verdsett hos dei yngste elevane. Dei tilpassa oppførselen sin etter rommet, medan det blant dei eldste elevane vart meir uro. Sjølv om elevane i stor grad er positive til undervisningstimen, indikerer også funna at ein del område kan utviklast vidare. Sosial interaksjon står sentralt i undervisninga, og det krevst ein aktiv og bevisst innsats frå læraren for å klara å involvera fleire av elevane i den felles dialogen. Funna viser også at læraren må vera ekstra bevisst på å følgja opp dei svakaste lesarane, og at gutar nyttar seg av hjelp frå læraren i mindre grad enn jenter. Andre sentrale moment er knytt til sjølve bibliotekrommet og utvalet av bøker på skulebiblioteket.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IGIS/2020;
dc.subjectskulebiblioteken_US
dc.subjectbibliotektimenen_US
dc.subjectlesingen_US
dc.subjectengasjementen_US
dc.subjectmotivasjonen_US
dc.subjectskolebiblioteken_US
dc.subjectlesevitenskapen_US
dc.subjectutdanningsvitenskapen_US
dc.title«Skal me på biblioteket i dag?» - Ein kvalitativ studie om korleis bibliotektimen kan stimulera engasjement og motivasjon for lesing hos elevar på barneskulen.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040en_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.source.pagenumber85en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel