Samanhengen mellom arbeid og integrering : Ein kvalitativ studie av innvandrarar sitt møte med norsk arbeidsliv
Doctoral thesis
View/ Open
Date
2023-01Metadata
Show full item recordCollections
- PhD theses (SV-IS) [24]
Original version
Samanhengen mellom arbeid og integrering : Ein kvalitativ studie av innvandrarar sitt møte med norsk arbeidsliv av Reldun Ims, Stavanger : Universitet i Stavanger, 2023 (PhD thesis UiS, no. 681)Abstract
Denne avhandlinga er ein kvalitativ studie av samanhengen mellom arbeid og integrering, eit samfunnsvitskapleg sentralt og aktuelt tema. Avhandlinga sin tematikk blei aktualisert av dei auka straumane av flyktningar gjennom Europa 2015-16. Den påfølgande pandemien, og seinast krigen i Ukraina sine konsekvensar synleggjer relevansen av å utforske integrering og arbeid, og på same tid sjå dette i samanheng med vidareutvikling av sosialt arbeid sin praksis.
Ein litteraturgjennomgang som omfattar 28 artiklar, og 9 semistrukturerte intervju med 10 innvandrarar (to av deltakarane er eit par, og gjennomførte intervjuet saman) utgjer studien sitt datamateriale. Eg har innhenta data-materialet, gjennomført analyser og formidla forskinga i tre ulike artiklar. Det empiriske materialet er analysert og fortolka ved hjelp av fortolkande fenomenologisk analyse (IPA) (Smith, Flowers & Larkin, 2009; Smith & Nizza, 2022).
Avhandlinga sin tematikk – arbeid og integrering - står i tett relasjon i norsk velferdskontekst (Kuhnle & Kildal, 2018; Sandvin, Vike & Anvik, 2020; Øverbye & Stjernø, 2012). Velferdsmeldinga frå 1995 slo fast at arbeid for alle var målet, og at dette skulle vere førande for alle tiltak (Sosial- og Helsedepartementet, 1995). Arbeidslinja (Lødemel, 1997; Stjernø & Øverbye, 2012) er det sentrale styrande element i utvikling av velferdsordningar. Integreringsarbeidet i Norge har likevel ein dualistisk botn. Norge innførte innvandrings-stopp i 1975, og denne gjeld framleis. Like fullt møter Norge innvandrarar som får opphald med eit omfattande og sjenerøst tiltaksapparat (Brochmann & Kjeldstadli, 2014). Det uttalte målet frå styresmaktene er at innvandrarar skal settast i stand til å skaffe seg arbeid for slik å forsørge seg sjølv (Justis- og Beredskapsdepartementet, 2016). Til tross for det sjenerøse tiltaksapparatet er det stor forskjell på sysselsettinga mellom innvandrar og nordmenn (Statistisk Sentralbyrå , 2022c). Det er òg stor ulikskap mellom ulike innvandrargrupper (Bratsberg, Raaum & Røed, 2014, 2016; Valenta & Strabac, 2011). Det gjer det utfordrande å utvikle eit tiltaksapparat som maktar å bidra til at (alle) innvandrarar kan kome i arbeid, og slik bli integrert. Korleis innvandrarar opplever situasjonen i møte med norsk velferdskontekst, og korleis dette påverkar deira meiningsskaping er det lite kunnskap om.
For å svare på den overordna problemstillinga, «Korleis opplever innvandrarar forhaldet mellom integrering og arbeid i møtet med norsk arbeidsliv?», blei det gjennomført tre delstudiar. Delstudiane er knytt til tre forskingsspørsmål som er utgangspunkt for dei tre artiklane som er inkluderte i avhandlinga.
1. Kva for kunnskap om samanhengen mellom arbeid og integrering er beskrive i tidlegare forsking om den norske velferdskonteksten? (Artikkel 1)
2. Korleis opplever innvandrarar i Norge arbeidet si betyding for eigen situasjon, og korleis oppfattar dei arbeidet sin verdi? (Artikkel 2)
3. Korleis opplever innvandrarar integrering mens dei er i prosessen med å skaffe seg tilgang til arbeidsmarknaden? (Artikkel 3)
Artikkel 1 er ein litteraturstudie som søkte å kartlegge kunnskapen som finst om samanhengen mellom arbeid og integrering i norsk velferdskontekst. Funn viste at innvandrarar har lågare sysselsettingsrate, men òg mindre stabil tilknyting til arbeidsmarknaden. Innvandrarkvinner blei ansett for å vere sentrale for å motverke ulikskap. Fordi, dersom heimearbeidande kvinner tok løna arbeid ville hushaldninga si samla inntekt auke. Vidare viste funna at diskriminering av innvandrarar var ei reell hindring for å kome inn på arbeidsmarknaden. Studiane som er inkludert i litteraturgjennomgangen peikte på at det er behov for å utvikle nye tiltak for å realisere målet om integrering gjennom arbeid.
Artikkel 2 utforska korleis innvandrarar opplevde arbeidet sin betydning og verdi. Funn viste at innvandrarar opplevde arbeid som svært viktig for sin situasjon. Arbeid var ein nøkkel til både deltaking og realisering av ei mengde goder som kontroll over eige liv og økonomisk sjølvberging. Deltakarar opplevde å miste kontroll og autonomi når dei sto utan arbeid. Det sjenerøse tiltaksapparatet har kontrollerande og disiplinerande tiltak innebygd, og deltakarane i studien måtte akseptere eit omfattande kontrollregime. Dei opplevde seg marginalisert og ekskludert, og opplevde arbeid som ein sentral faktor i å motverke dette. Deltakarane blei ein representant for alle innvandrarar, og kjende seg underestimert og kategorisert, Deltakarane hadde alle arbeidd og forsørga seg sjølv tidlegare. Deira kompetanse og ferdigheiter ga lite utteljing i det norske systemet, og dei kjende seg devaluert og nedvurdert.
Artikkel 3 utforska innvandrarar si oppleving av integrering, på same tid som dei var i prosessen med å skaffe seg arbeid. Innvandrarane som deltok i studien var opptekne av fridomen dei opplevde i det norske samfunnet, og knytte dette til tilhøyrigheit, fridom og like moglegheiter. Deltakarane i studien hadde ulike erfaringar, men etterlyste moglegheiter til å omgåast med nordmenn sosialt. Dei sakna ein arena for å lære språk, forstå sosiale kodar og sosiale spelereglar. Vidare såg det ut til at deltakarane meinte dei måtte akseptere noko diskriminering, men likevel opplevde stor grad av aksept i samfunnet. Fleire ga uttrykk for å velje å fokusere på det positive og tvinge det negative i bakgrunnen.
Som eit heile gir avhandlinga innblikk i korleis den tette samanstillinga mellom arbeid og integrering artar seg for innvandrarar, og kva dette har å bety for sosialt arbeid sin praksis. Integrering gjennom arbeid er eit tydeleg mantra i det norske ordskiftet (Ihle, 2017; Lodovici, 2010; van der Wel, Hermansen, Dahl, Lødemel & Løyland, 2019). Dette inneber at alle innvandrar som kjem til Norge blir møtt med forventninga om at dei skal arbeide, og slik bli integrert. Avhandlinga tematiserer ei smal forståing av integrering (dvs. arbeid gjennom integrering), og peiker på ulike diskursar i samfunnsdebatten. Levitas (2005) poengterer at ulike diskursar kan avdekke, men òg tildekke ulikskap og marginalisering. Symmetri i relasjonar (Garavan, 2013; Skjervheim, 2002) som verktøy for å bidra til betre integrering blir tematisert. Denne studien er eit bidrag til å fylle kunnskapsholet om korleis samanhengen mellom arbeid og integrering viser seg i innvandrarar sine erfaringar og meiningsskaping. Vidare, nyansere kunnskap og forståing samt kva for konsekvensar denne kunnskapen har for praksis i sosialt arbeid. I eit vidare perspektiv er kunnskapen òg av betydning for utdanning av sosialarbeidarar og vidare forsking.
Has parts
Artikkel 1: The association between work and integration in the Norwegian welfare context, and its implications for immigrants and social work practice: An integrative review. Nordic Social Work Research. SubmittedArtikkel 2: Ims, R. (2021) Immigrants’ experiences of the importance and value of work in Norway: Implications for social work. Social Work & Society, 19(2)
Artikkel 3: Ims, R., Lorås, L., Ness, O., & Finlay, L. (2021). Immigrants’ Experiences on Integration While Attempting to Access the Labour Market: Implications for Social Work Practice. Social Sciences, 10(4), 121.
Publisher
University of Stavanger, NorwaySeries
PhD thesis UiS;;681