Ivaretaking av overgrepsutsette barn og unge: Eit erfaringsbasert prosjekt
Abstract
Seksuelle overgrep er sett som eit av dei største helseproblema vi har i samfunnet. Formålet med prosjektet er å fremje korleis helsepersonell og tilsette meiner ein bør møte overgrepsutsette barn og unge i behandling. Hensikta var å få inngåande og auka kunnskap om korleis helsepersonell beskriv eigne erfaringar og utfordringar knytt til møte med overgrepsutsette barn og unge, og kva strategiar dei nytta for å handtere desse situasjonane. Det var og undersøkt kva personlege eigenskapar helsepersonell meiner at det er viktig å bruke i møte med sårbare barn og unge, og i kva grad dei opplev at denne gruppa får god nok hjelp. Dette prosjektet er basert på ein kvalitativ forskingsmetode, der det er gjennomført seks semistrukturerte intervju av tilsette frå ulike instansar som møter barn og unge som har vore utsette for seksuelle overgrep.
Resultatet viser at relasjonsbygging er ein grunnleggande faktor og at ein må legge til rette for barn og unge sin medverknad i behandling. Det kom også fram at det er helsepersonell sitt ansvar å koordinere eit tverrfagleg samarbeid med viktige instansar som kan sikre at barnet får god oppfølging. Eit uventa resultat viste at viktige instansar gjerne ikkje klarar å gi god nok hjelp, då helsepersonell har for lite kunnskap om korleis ein arbeider med seksuelle overgrep og dermed ikkje klarar å fange opp problematikken. Prosjektet konkluderer med at for å kunne hjelpe overgrepsutsette barn og unge på ein effektiv og traumesensitiv måte, må ein auke kompetansen blant helsepersonell. Sexual abuse is regarded as one of the most significant health issues in society. The purpose of the project is to promote how healthcare professionals and personnel believe abused children and adolescents should be approached in treatment. The intention was to gain comprehensive and increased knowledge about how healthcare professionals describe their own experiences and challenges related to encounters with abused children and adolescents, and what strategies they employ to address these situations. It also examined what personal qualities healthcare professionals believe are important to utilize when engaging with vulnerable children and adolescents, and to what extent they perceive this group as receiving sufficient assistance. This project is based on a qualitative research methodology, involving six semi-structured interviews conducted with personnel from various entities that encounter children and adolescents who have experienced sexual abuse.
The results indicate that building relationships is a fundamental factor and that efforts must be made to facilitate the involvement of children and adolescents in treatment. It also emerged that it is the responsibility of healthcare professionals to coordinate interdisciplinary collaboration with key agencies that can ensure the child receives adequate follow-up care. An unexpected outcome revealed that crucial agencies often fail to provide sufficient assistance, as healthcare professionals lack sufficient knowledge about how to address sexual abuse and thus struggle to identify the issue. The project concludes that in order to effectively and sensitively assist abused children and adolescents, the competence of healthcare professionals must be enhanced.