Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBakken, Arild Michel
dc.contributor.authorRolfsnes, Britt Jorunn
dc.date.accessioned2024-09-13T15:52:22Z
dc.date.available2024-09-13T15:52:22Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.uis:inspera:229208182:236474368
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3152225
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractSom norsklærar i ungdomsskulen er eg oppteken av skriving. Eg har eit ynskje om å leggje til rette for engasjement, og vil gje elevane skriveoppgåver dei finn meinig i. Hausten 2023 fekk elevane i 9. klasse ved skulen der eg jobbar, delta i eit barnebokprosjekt der dei skreiv bøker til barnehagebarn. Ved å spørje elevane sjølv om korleis dei opplevde eigen motivasjon i skriveprosjektet, ynskte eg å lære meir om korleis denne tilrettelegginga kunne gjerast. I forskingsprosjektet har eg undersøkt spørsmålet: Korleis opplever elevar i 9. klasse motivasjon for skriving i norskfaget, når dei får skrive barnebøker til barnehagebarn?. Eg har laga eit teoretisk rammeverk basert på teoriar om kva som påverkar eleven sitt engasjement når han jobbar med skulearbeid. I dette ligg det også teori og forsking om korleis motivasjon har samanheng med det å få lov til å medbestemme. Eg har tatt føre meg skriveprosessen, både kor samansett den er, og dei sosiale og kreative aspekta. Datamaterialet er ei spørjeundersøking, og intervju med fem elevar som har delteke i barnebokprosjektet. Spørjeundersøkinga har gjeve oversikt over korleis mange elevar opplevde eigen motivasjon i skriveprosjektet. Intervjua har gjeve utdjupa svar, og ei betre forståinga for opplevingar kring eigen motivasjon i skriveoppgåver i norsk. Resultata viser at dei ekte møte med barna eleven har skrive tekstar til, har ført til engasjement og ynskje om å gjere eit godt arbeid. Engasjement og kreativitet heng saman med eleven si oppleving av å få friheit til å løyse oppgåver sjølve. Det sosiale er viktig, men eleven er avhengig av meistringsopplevingar for å lukkast.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUIS
dc.titleMotivasjon for skriving i norskfaget Korleis opplever elevar i 9. klasse motivasjon for skriving i norskfaget, når dei får skrive barnebøker til barnehagebarn?
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel