Helsesjukepleiar si oppfølging av barnet og familien når det er bekymring for omsorga
Abstract
Omsorgssvikt er den mest utbreidde forma for barnemishandling, og samstundes den mest skadelege for barn si utvikling. Trass dette har omsorgssvikt fått lite forskingsmerksemd, og lite fokus i myndigheitene sine planar. Helsesjukepleiar på helsestasjon har ein sentral posisjon for å kunne fange opp og følgje opp omsorgssvikt gjennom sitt førebyggjande og helsefremjande arbeid i helsestasjonsprogrammet. Hensikta med studien var å utforske og beskrive korleis helsesjukepleiarar på helsestasjon følgjer opp over tid når det er bekymring for omsorga barnet får. Studien sine teoretiske perspektiv var helsefremjing og sjukdomsførebygging, familiesentrert omsorg og barnesentrert omsorg, samt profesjonell sjukepleiefagleg omsorg. Forskingsspørsmålet vart utforska gjennom eit kvalitativt design, med datainnsamling i tre fokusgrupper med til saman 16 helsesjukepleiarar. Analysen av intervjua vart gjennomført med induktiv innhaldsanalyse. Fire kategoriar kom fram gjennom analyseprosessen: Tilnærmingsmåtar, føresetnader, dilemma og dveling. Hovudkategorien som sprang ut frå kategoriane var: Indre forhandlingsprosess. Funna viste at helsesjukepleiar gjennomgjekk ein indre forhandlingsprosess når ho var bekymra for omsorgssituasjonen rundt barnet. Ulike føresetnader, vanskelege dilemma og dveling påverka forhandlingsprosessen kontinuerleg, og dermed også korleis den einskilde helsesjukepleiar følgde opp over tid. Ein modell vart utforma for å illustrere helsesjukepleiar sin oppfølgingsprosess ved bekymring for omsorga. Diskusjonen drøftar utfordringar i oppfølgingsprosessen, samt dilemma og forvirring knytt til grunnleggjande helsesjukepleieperspektiv. Studien konkluderer med at mangel på rutinar og mål i arbeidet med omsorgssvikt, eit dominerande foreldreperspektiv og uklårheit knytt til helsefremjing og sjukdomsførebygging ser ut til å skape utfordringar i helsesjukepleiar si oppfølging ved bekymring for omsorga.