Nettbrett i begynnaropplæringa: Ein studie av lærar–elev-interaksjon og bruk av nettbrett i klasseromspraksis
Original version
Nettbrett i begynnaropplæringa: Ein studie av lærar–elev-interaksjon og bruk av nettbrett i klasseromspraksis by Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, Stavanger : University of Stavanger, 2024 (PhD thesis UiS, no. 807)Abstract
Denne avhandlinga undersøker bruk av nettbrett i begynnaropplæringa, og kva påverknad bruk av nettbrett kan ha på lærar–elev-interaksjon og klasseromspraksis i begynnaropplæringa. Målet med avhandlinga er å kunne bidra til kunnskapsgrunnlaget om digitalisering i skulen, og då innan begynnaropplæringa, noko som er lite studert i norsk kontekst. Innføring av digitale ressursar i begynnaropplæringa har vore mykje debattert, og fleire har etterspurt forsking på området. Med utgangspunkt i klasseromspraksis, vil avhandlinga bidra med å skildre korleis nettbrett er i bruk i undervisning og korleis det påverkar praksis i begynnaropplæringa i 1. og 2. klasse. Studien skildrar tidsbruk, organiseringsformer og aktivitetar med bruk av nettbrett, samt kvalitetsaspekt i lærar–elev-interaksjonar i læringssituasjonar med og utan nettbrett. Samstundes er det skildra begynnaropplæring i klasserom med bruk av nettbrett der det er vist høg kvalitet i lærar–elevinteraksjonar. Den overordna problemstillinga i studien er Korleis påverkar nettbrett klasseromspraksis i begynnaropplæringa?
Studien har ei mixed-methods-tilnærming med hovudvekt på det kvalitative. Det har vore nytta metodetilnærmingar med observasjon, intervju og videostimulert refleksjonsdialog. Observasjonen har bestått av videoopptak av undervisning med vekt på interaksjon mellom lærar og elevar i digitale klasserom. 18 klasserom har vore filma i 1. klasse. Opptaka vart gjort gjennom ein heil skuledag på hausten og ein dag på våren. Avhandlinga er artikkelbasert og bygger på datamateriale frå dei 18 klasseromma i ulik grad i tre delstudiar. Delstudie 1 hadde forskingsspørsmålet: Kva karakteriserer kvaliteten i lærar–elevinteraksjonar i skuletimane for 1. klasse på ein vanleg skuledag og korleis er kvaliteten på lærar–elev-interaksjonar fordelt på tvers av undervisningssyklusar i timane med og utan bruk av nettbrett? I delstudie 1 vart det gjort undersøkingar ved bruk av videoobservasjon for å studere kvalitet i lærar–elev-interaksjonar. Analysane i delstudie 1 danna grunnlag for seleksjon av case i delstudie 2, som var ein nærstudie av klasseromspraksisar i fem klasser der det var skåra høg kvalitet i lærar–elev-interaksjonar. Delstudie 2 hadde forskingsspørsmålet: Kor mykje og korleis er nettbrett i bruk i eit utval klasser på første trinn? I delstudie 2 vart det gjort ei analytisk nærlesing av videoobservasjonar på bakgrunn av faktorar som er framheva som sentrale i tilrettelegginga for elevar si læring. Delstudie 3 tok utgangspunkt i ein seleksjon av lærarar som representerer dei 18 klasseromma, der lærarar sine perspektiv på bruk av nettbrett i lys av elevengasjement og aktiv læring vart studert gjennom intervju og videostimulert refleksjonsdialog. I denne delstudien vart følgande forskingsspørsmål stilt: 1). Kva perspektiv kjem fram i lærarane sine grunngjevingar for bruk av nettbrett i begynnaropplæringa i lys av engasjement og aktiv deltaking? 2). Korleis endrar lærarane perspektiv på nettbrettbruk innanfor ein tidsperiode på to år? Dei tre delstudiane gir kunnskap om fleire perspektiv på digitale praksisar i begynnaropplæringa med vekt på interaksjonar mellom lærar og elevar, og kva som kan påverke undervisningskvalitet i praksisar med nettbrett i begynnaropplæringa.
Funn i avhandlinga viser at det er lite samhandling med medelevar eller lærar i nettbrettsituasjonar. Dette synleggjer eit gjennomgåande kjenneteikn i digitale klasseromspraksisar i materialet, at elevane arbeider mest individuelt ved bruk av nettbrettet. Studien viser små variasjonar i kvalitet i lærar–elev-interaksjonar mellom nettbrettsituasjonar og situasjonar utan nettbrett. Det er ein tendens i materialet at kvaliteten i lærar–elev-interaksjonar er noko lågare i nettbrettsituasjonar. Det er noko lågare kvalitet i interaksjon som omhandlar positiv emosjonell støtte, interaksjon som fangar opp elevar sitt behov for støtte og interaksjon som legg til rette for språkmodellering i klasseromssituasjonar med nettbrett. Styrkar og svakheiter er avdekka, der mellom anna bruk av nettbrett i begynnaropplæringa kan føre til ikkje-intenderte verknadar der samhandlinga mellom lærar og elev vert påverka i negativ retning. Studien viser samstundes eit lite nytta potensial for læringssituasjonar med samhandling og elevaktive roller i nettbrettsituasjonar. Lærarane sine perspektiv på bruk av nettbrett i begynnaropplæringa syner ei bevisstheit om kva tid, kor mykje og i kva aktivitetar nettbrett skal brukast i undervisninga, og at nettbrett vert brukt når lærarane opplever at det er meiningsfullt for elevane sine læringsprosessar. Studien bidreg med kunnskap om praksisar i digitale klasserom, og korleis kvalitetsaspekt i undervisninga kan vere påverka av ei digitalisering i undervisninga. ENGLISH ABSTRACT
This thesis examines the use of tablets in beginner education, and what impact the use of tablets can have on teacher student interaction and classroom practice in beginner education. It aims to contribute to the knowledge base about digitalisation in schools and within beginner education, a subject that remains underexplored in the Norwegian context. The introduction of digital resources into beginner education has been the subject of much debate, and several entities have called for research in the area. Based on classroom practice, the dissertation will contribute to portraying how tablets are used in teaching and how it affects practice in beginner education in 1st and 2nd grade. This study explores time use, forms of organisations and activities linked to tablet use, and the quality of teacher pupil interactions in learning situations with and without tablets. At the same time, the characteristics of the practice of using tablets in beginner education in classrooms, where high-quality teacher pupil interactions have been shown, are described. The overall problem addressed in the study is this: How do tablets affect classroom practice in beginner education?
This study has a mixed methods approach with an emphasis on the qualitative aspect. Methodologies such as observation, interviews, and video-stimulated reflection dialogues were used. The observation phase consisted of video recordings of teaching sessions with an emphasis on the interactions between teachers and pupils in digital classrooms. A total of 18 firstgrade classrooms were filmed. Recordings were made over a complete school day in autumn and one day in spring. The thesis is article-based and builds on data material from the 18 classrooms to varying degrees in three substudies. Substudie 1 sought to answer the following research question: What characterises the quality of teacher pupil interactions in first-grade school lessons on a normal school day, and how is this quality distributed across teaching cycles in lessons with and without the use of tablets? In this substudy, video observations were conducted to study the quality of teacher pupil interactions. The analyses in substudy 1 guided the selection of classrooms for substudy 2, which involved an indepth examination of classroom practices in five classes with high quality teacher pupil interactions. Substudy 2 attempted to answer the following research question: How and how much are tablets used in a selection of classes in the first stage? In this substudy, an analytical close reading of the video observations was conducted based on factors previously highlighted as important for pupils’ learning. Substudy 3 examined the perspectives of a selection of teachers from sub-studies 1 and 2 on the use of tablets considering student engagement and active learning. This was accomplished through interviews and video-stimulated reflection dialogues. In this sub-study, the following research questions were asked: 1. What perspectives emerge in teachers’ rationale for the use of tablets in beginner education, considering commitment and active participation? 2. How do teachers change their perspective on tablet use within a period of two years? These three substudies provide insights into several perspectives on digital practices in beginner education, with an emphasis on the interactions between teachers and students and the factors that affect teaching quality in practices involving tablet use.
The findings of this study reveal little interaction in activities involving tablets, especially when pupils need to engage in active learning by interacting with teachers or other students. This result demonstrates a consistent characteristic of digital classroom practices: students work mostly individually when using tablets. This study also uncovers small variations in the quality of teacher pupil interactions between activities with and without tablets. There is a trend in the data indicating a somewhat lower quality of teacher pupil interactions associated with tablet use. Strengths and weaknesses are uncovered, wherein, among other things, the use of tablets in beginner education can lead to unintended effects, such as negatively affecting the interactions between teachers and students. At the same time, the study shows an underutilised potential for learning situations involving interaction and active student roles in tablet-based activities. The teachers’ perspectives on tablet use in beginner education reflect an awareness of when, how much, and in which activities tablets should be used in teaching. Furthermore, teachers opt for the use of tablets when they perceive it as meaningful for students’ learning. This study contributes valuable insights into practices within digital classrooms and how the quality of teaching can be affected by digitalisation.
Description
PhD thesis in Reading research
Has parts
Artikkel 1: Øvereng, L. K. B., & Gamlem, S. M. (2022). Mapping the quality of teacher-pupil interactions in lessons with and without the use of tablets during a typical school day in first grade. Cambridge Journal of Education, 52(4), 473–493. https://doi.org/10.1080/0305764X.2022.2031885Artikkel 2: Øvereng, L. K. B., Skaftun, A., & Gamlem, S. M. (2022). Nettbrett i literacypraksisar i førsteklasserom med høg kvalitet i lærar–elevinteraksjonar. Nordic Journal of Literacy Research, 8(2), 106– 124. https://doi.org/10.23865/njlr.v8.3903
Artikkel 3: Øvereng, L. K. B. (2024). Eit utval lærarar sine perspektiv på elevengasjement og læring i digitale kontekstar i begynnaropplæringa. Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis, Special issue: Nye perspektiver på literacy i barnehage, skole og høyere utdanning, 18[2], 1–21. https://doi.org/10.23865/up.v18.5228.
Publisher
University of Stavanger, NorwaySeries
PhD thesis UiS;;807