Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHollund, Hege Ingjerd
dc.coverage.spatialRogaland, Solanb_NO
dc.date.accessioned2016-11-21T13:52:06Z
dc.date.available2016-11-21T13:52:06Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationHollund, H. I.(2015) Konservering og undersøking av ovalspenner, bein og organisk materiale fra båtgrav S12421, Tjora, gnr. 10 bnr. 19. Sola kommune, Rogaland. Stavanger: Universitetet i Stavanger, Arkeologisk museumnb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2422191
dc.descriptionOppdragsgiver: Arkeologisk museumnb_NO
dc.description.abstractI 2008 vart det avdekka ei båtgrav frå vikingtid ved utgravingar på Orshaugen, Tjora, Sola kommune. Grava var relativt funn-rik, med restar etter båtnaglar, i tillegg til gravgods som smykke og reiskapar av jern, koparlegering, glas og stein, inkludert eit sett typiske ovalspenner frå 800-talet. Metallet var sterkt korrodert, men ovalspennene var stort sett heile og med alle delar intakt. Denne rapporten skildrar konservering og undersøking av spennene, i tillegg til organisk materiale som vart funne på/ved spennefragmenta. Undersøkinga av metallet viste at spennene er av messing og har mest sannsynleg vore dekorert med knoppar av sølvfolie. Eit større stykke kypertvevd tekstil vart funne ved den eine spenna, i tillegg til restar etter tjukke og tynne snorer rundt jernnålene på begge spenner. Små fragment av ubrente menneskebein vart òg funne ved spennene, inkludert biter av ein ryggvirvel, og elles små flate flak, truleg av flatbein som til dømes skulderblad. Ulike analysar er blitt utført i samband med eit PhD-prosjekt med sikte på å skildre tilstanden og informasjonspotensialet til skjelettmaterialet. Analysane er summert i rapporten. Konserveringa av spennene innebar mekanisk reinsing med skalpell og styrking av lokalt skjøre områder ved hjelp av konsolidering med etylmetalakrylat (Paraloid B72) og støtte med japanpapir. I sum er ovalspennene etter konservering stabile, relativt robuste og som nesten komplette gjenstandar eit godt døme på typiske smykke frå vikingtid. Dei mange små fragmenta av organisk materiale, inkludert menneskebein, er eit unikt funn av stor vitskapleg verdi.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherStavanger: Universitetet i Stavanger, Arkeologisk museumnb_NO
dc.relation.ispartofseriesOppdragsrapport;2015/24
dc.rightsNavngivelse 3.0 Norge*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/3.0/no/*
dc.subjectarkeologinb_NO
dc.subjectkonserveringnb_NO
dc.subjectbåtgravernb_NO
dc.subjectvikingtidnb_NO
dc.subjectspennernb_NO
dc.titleKonservering og undersøking av ovalspenner, bein og organisk materiale fra båtgrav S12421, Tjora, gnr. 10 bnr. 19.nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Archeology: 090::Nordic archeology: 091nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 3.0 Norge
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 3.0 Norge