Arkeologisk overvaking i samband med graving av trasear for naturgassrøyr i Stavanger sentrum : Bergjeland, gnr. 55, "Stavanger mellomalderby", Stavanger k.
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2425940Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Oppdragsrapporter [280]
Sammendrag
Saka gjeld arkeologisk overvaking av gravinga av grøftetrasear for distribusjon av naturgass innan Stavanger sentrum. Tiltakshavar Lyse har av Riksantikvaren fått dispensasjon til å etablere dette røyrnettverket innanfor "Mellomalderbyen Stavanger" på vilkår om å ta kostnadane ved den pålagde arkeologiske overvakinga. Det vart lagt trasear fleire stadar innan byen (jf. vedlegg 2). Rapportforfattaren overvaka graving i Kongsgata, Klubbgata, ved Obstfelders plass, Bergelandsgata og Østervåg. I tillegg besøkte H. Sørheim ved AmS grøftegraving i Breigata og Bakkegata. Grøftene vart i hovudsak lagt til eksisterande grøftetraséar, og grunnen bestod difor for det meste av røyr, leidningar og massar påfylt i dei siste hundreåra. I Kongsbakken støytte ein i botnen av grøfta på eit kulturlag av mørk, kompakt masse med organisk innhald, keramikk og tegl mm. Dette vart tolka til å stamme frå 1700-/1800-talet. I Kongsbakken, rett V om inngangen til Handelens Hus, vart det påvist ein rest av ein steinmur i grøfta. Denne blei etter samtale med sakshandsamar hos AmS ikkje vurdert til å vere eit freda kulturminne. Innan grøfta langs det offentlege servicekontoret ved Obstfelders plass, støytte ein på delar av ytterlegare ein mur av stein og ei flat steinhelle like inntil han. Dette blei tolka som restar av ein bygning frå dei siste hundreåra, og ikkje vurdert som eit freda kulturminne. Innan dei øvrige grøftene vart det ikkje påvist spor etter kulturlag eller bygningsrestar. Det vart ikkje gjort gjenstandsfunn.
Beskrivelse
Oppdragsgiver: Lyse Infra AS