Ein studie av integrert prosjekt- og usikkerheitsstyring
Master thesis

View/ Open
Date
2018-06Metadata
Show full item recordCollections
- Studentoppgaver (TN-ISØP) [1396]
Abstract
Prosjekt sin unike natur gjer det utsett for usikkerheit, som inneber at organisasjonar må finne eigna prosessar, metodikkar og prosjekttankeganger for styring av truslar og moglegheiter denne usikkerheita bærer med seg. Forsking og prosjektleiing i praksis peikar på iterative metodikkar som gunstige for å handtere usikkerheiter i prosjekt.
For mange prosjekt vil dagens tradisjonelle rammeverk for prosjekt- og usikkerheitsstyring vere tilfredsstillande. Samstundes ser ein auke i prosjektbaserte verksemder, og dagens raskt veksande teknologiutvikling i ulike sektorar medfører at ein er utsett for andre former for usikkerheiter, der ei tradisjonell styring ikkje strekk til. Dette er bakteppet for det nye paradigmet innan prosjektleiing.
Fleire nye metodologiar har vakse fram dei siste åra, og i dag er ein i større grad avhengig av å ta stilling til val av metodikk. Dette startar ofte med ei kartlegging av det interne og eksterne miljøet som vil utgjere ei prosjekt- og usikkerheitsprofilering. Slik kan avgjerdstakar enklare velje ein ideell Project Management Lifecyle (PMLC)-modell, og tilnærming til modell. I denne utviklinga har prosjektleiarar vorte meir medvitne på at det er viktig å skilje prosjekt frå kvarandre. Ei individuell tilpassing av leiingsmetodikk er viktig for handtering av usikkerheit, fordi prosjekt har ulik grad og form for usikkerheit. Det kan vere lett å identifisere prosjekttype, men ein djupare analyse av underliggande framgangsfaktorar for val av tilnærming til PMLC-modellen kan spare prosjektet for ressursar.
Med hovudfokus på uføresett usikkerheit viser oppgåva til konkrete metodar og verktøy for å identifisere og handtere usikkerheiter i ulike prosjekttypar, gjennom eit rammeverk for ei integrert prosjekt- og usikkerheitsstyring. Eit strategisk litteratursøk er gjennomført for å svare på problemstillinga. Der variasjon og føresett usikkerheit best handterast med tradisjonelle verktøy, vil uføresett usikkerheit best handterast med metodikkar som fokuserer på læring eller subprosjektutveljing, og opnar for at endringar som oppstår undervegs vert sett på som moglegheiter heller enn truslar. Hybride metodikkar kan kombinere prosessar og verktøy, dette opnar opp for ei meir heilskapleg styring.
Ei rekke føresetnadar for ei integrert prosjekt- og usikkerheitsstyring må takast omsyn til. Eit gjennomgåande fokus på usikkerheitsstyring i livssyklusen er viktig, så vel som å forstå samanhengen mellom viktige framgangsfaktorar og usikkerheitsfaktorar.
Studien visar mellom anna ei vaksande interesse for iterative metodikkar, men ein manglande konsensus rundt definisjonar og omgrepsbruk.
Description
Masters's thesis in Industrial economics