Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorØglend, Atle
dc.contributor.advisorFlå, Sindre
dc.contributor.authorHerheim, Sjur
dc.date.accessioned2023-01-31T16:51:24Z
dc.date.available2023-01-31T16:51:24Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:127901136:67603202
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3047519
dc.description.abstractBergen Engines AS har i fleire år hatt eit ynskje om å automatisere grading av støypegods. Ein har tidlegare utført konseptarbeid og innhenta kostnader, men av ulike årsaker har det ikkje vorte utført ei finansiell vurdering av prosjektet, og ei heller har det materialisert seg til implementering. Denne oppgåva vurderer lønsemda av nemnde prosjekt med ei investeringsanalyse, elementa i kontantstraumen er innsparing basert på redusert prosesstid og sjukefråvær. Ein syner korleis usikkerheit på framtidig volum kan handterast, spesielt når dette er ein essensiell del av innsparinga. Oppgåva går fram ved å estimere framtidig sal av motorar basert på historisk produksjon, bedriftsstrategi og marknadsforventning. Det vert lagt fram 4 ulike scenario og 1 statistisk prognose med respektive sannsyn. Ein vurderer òg redusert prosesstid per artikkel og tar høgde for at ein ikkje oppnår målet på framtidig prosesstid ved å ha ulike scenario med sannsyn. Innsparing på sjukefråvær vert estimert ved å sjå på konsekvensane som følgje av fråvær, dette kan vere tap av produksjon og inntekter, auka kostnad med vikarbruk og overtid, produktivitetslekkasje og slitasje på kollegaer. Dette vert utrekna i samanheng med det aktuelle fråværet i bedrifta og refusjon av lønskostnader frå staten. Med utgangspunkt i scenario med høgst sannsyn, syner resultatet korleis innsatsfaktorane i studien påverkar kontantstraumen til prosjektet. Ut frå dette reknar analysen på netto nåverdi, internrente, tilbakebetalingstid og diskontert tilbakebetalingstid. Resultatet kan oppsummerast som følgjande med initialverdiar opp mot forventa verdiar; netto nåverdi 5 128 647 kroner & 2 010 730 kroner, internrente 18% & 13%, tilbakebetalingstid 6 år & 8 år, diskontert tilbakebetalingstid 9 år & 15 år. Innsparing på redusert prosesstid har størst påverknad, deretter investeringssum og så innsparing på redusert sjukefråvær. Det er verdt å merke seg at netto nåverdi aldri er negativ i sensitivitetsanalysen.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleEi investeringsanalyse i automatisert grading av støypegods for Bergen Engines AS.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (TN-ISØP) [1411]
    Master- og bacheloroppgaver i Byutvikling og urban design / Offshore technology : risk management / Risikostyring / Teknologi/Sivilingeniør : industriell økonomi / Teknologi/Sivilingeniør : risikostyring / Teknologi/Sivilingeniør : samfunnssikkerhet

Vis enkel innførsel