Sosialfagleg arbeid med familieoppfølging i Nav – ein vignettstudie
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Ask, T. A., Gjedrem, J., Gjerstad, B., Lundberg, K. G., & Oltedal, S. (2021). Sosialfagleg arbeid med familieoppfølging i NAV-ein vignettstudie. Fontene forskning, 58-69.Abstract
Samhandling med og om familiar i utsette situasjonar er ei viktig oppgåve i sosialt arbeid. Fleire velferdstenester har roller og ansvar, deriblant Nav. Gjennom fokusgruppeintervju har vi fått innsikt i korleis sosialarbeidarar i Nav vurderer handtering av ein konstruert familiesituasjon der det er ulike utfordringar. Når sosialarbeidarane drøftar kva som kan gjerast for å hjelpe, vurderer dei handlingsalternativ i ein bestemt institusjonell kontekst. Dei nyttar eit vidare perspektiv enn primært arbeid, bustad og økonomi som imperativ, dei vurderer ansvar og grenser, og dei trekkjer fram samarbeid med omkringliggande tenester. Barnevernet framstår som ei sentral teneste å kontakte, men vi oppfattar at det manglar erfaring, rutinar, rammer og dialog omkring korleis ein skal samarbeide. Studien bidrar med kunnskap om vilkår for å arbeide med familieoppfølging i Nav.