Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSommer, Morten
dc.contributor.authorOddbjørg, Huso
dc.date.accessioned2023-09-14T15:51:57Z
dc.date.available2023-09-14T15:51:57Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uis:inspera:136377686:36676817
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3089576
dc.description.abstractI dagens samfunn er det fleire og meir komplekse situasjonar som naudetatane må handtere. Det er fleire situasjonar med pågåande, livstruande vald, som etatane skal samarbeide om å handtere. Samtidig viser det seg at det er brannvesenet som har den kortaste responstida av alle naudetatane, noko som i fleire tilfelle leier til at dei må handtere situasjonar tilhøyrande politiet. Fleire brannvesen seier at politirelaterte oppgåver ikkje er inkluderte i beredskapsanalysen. Grunnar til dette er blant anna at brannvesenet er ein kommunal eining, med lite pengar. Samtidig som samfunnet forventar at situasjonar skal løysast, gjer ikkje kommunens ressursar det enkelt å få dei nye oppgåvene innført i beredskapen. Oppgåva mi handlar derfor om beredskapen til brannvesenet er lagt opp annleis etter nærpolitireforma vart innført. Dette inkluderer krisehandtering og trening og øving. For å finne svar på problemstillinga: ««På kva måte påverkar nærpolitireforma korleis beredskapen i brannvesenet er lagt opp?», med tilhøyrande forskingsspørsmål, har eg nytta meg av kvalitativ metode i form av intervju. Det er 12 informantar i heiltids- og deltidsvesen, i små, mellomstore og store kommunar. Det er vanskeleg å vite i kor stor grad politirelaterte oppgåver skal inkluderast i beredskapsanalysen til brannvesenet, fordi det er ikkje under deira myndigheitsområdet og ressursane til å handtere slike oppgåver ikkje er tilstrekkeleg. Samtidig dukkar desse situasjonane opp. Funna viser at den største faktoren inkludert i beredskapen til brannvesenet er relatert til PLIVO-prosedyren. Dette er ein prosedyre med samarbeid mellom etatane med øving ein gong i året. Her skal brann, politi og helse samarbeide i ei storulykke. Derimot viser funna mine at denne øvinga gjerne ikkje har heilt optimalt fokus og utbyttet. Øvingane er gjerne for store og med ein for stor tilgang på ressursar som ikkje er relaterbart til realiteten. Samtidig framhevar mange av informantane at dei ikkje meiner dei får nok øving på politirelaterte oppgåver. For å løyse problemet er det mogleg at rammeverket for beredskap må endrast, i form av dei fire prinsippa, fordi dei ikkje fungerer i praksis. I tillegg kan ei endring av lovar, forskrifter og krav endrast, i form av å gripe inn fysisk, og ei endring av krav til øving på PLIVO slik at det hender oftare.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleNærpolitireforma og brannvesenets beredskap. "The Nearpolice reform" and the fire departements contingency.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (TN-ISØP) [1412]
    Master- og bacheloroppgaver i Byutvikling og urban design / Offshore technology : risk management / Risikostyring / Teknologi/Sivilingeniør : industriell økonomi / Teknologi/Sivilingeniør : risikostyring / Teknologi/Sivilingeniør : samfunnssikkerhet

Vis enkel innførsel