Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorOpstad, Grete
dc.date.accessioned2011-03-10T14:01:46Z
dc.date.available2011-03-10T14:01:46Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/184117
dc.descriptionMaster's thesis in Health and social sciencesen_US
dc.description.abstractDet har den seinare tid blitt retta fokus på den einskilde si helse og livsstil. Dette fordi sjukdomar relatert til livsstil er aukande. Fleire norske sjukehus arbeidar nå med å implementera helse og livsstilsstrategiar for å betra behandlingskvaliteten i spesialisthelsetenesta. Mi oppgåve i dette har vore å undersøkja kva pasientar i sjukehus sjølv synes om dette, utifrå eit brukarperspektiv. Studiet har eit kvalitativ design med forskingsintervju som metode, sett i ei hermeneutisk forståingsramme. Intervjua blei gjennomført på Stavanger Universitetssykehus HF. 10 pasientar har delteke i undersøkinga og det er gjort eit strategisk utval i forhold til kjønn, alder, medisinske og kirurgiske pasientar som har/ har ikkje livsstilssjukdomar og har/ har ikkje fått spørsmål om eiga helse og livsstil. Resultata er dela opp i tema: Pasienten på sjukehus Pasienten si forståing av helse og livsstilsspørsmål Å verta spurt om eiga livsstil Vilkår for spørsmål kring livsstil Resultata viser dilemma og paradoks i dette arbeidet; Pasienten på sjukehus er nøgde og tilpassar forventningane etter dei forholda som eksisterer. Ein er i pasientrollen, ikkje brukarrollen. Pasientane forstår, på generelt grunnlag, at det kan vera relevant å få spørsmål om eiga helse og livsstil i sjukehus, men den subjektive forståinga gjer inntrykk av at sånne spørsmål kan vera vanskeleg å svara eksplisitt på. Dette fordi det inngår i ein større samanheng; livet sjølv. Det finnes ei generell aksept for livsstilsspørsmål, men ikkje alle ynskjer dette som standard, men aksepterar viss det har relevans for noko. Den subjektive forståinga viser at det kan vera vanskeleg å svara ærleg og at dei mellommenneskelege relasjonane innverkar på dei svara dei gjer. Informantane ynskjer også å få aksept for den livsstilen dei har, og ikkje alle ynskjer endring. Vilkår for spørsmål om livsstil knytte seg til ei samtaleform med tid til forklaringar tilpassa den enkelte samt det relasjonelle i saman med visse grunnleggjande haldningar som viktige føresetnadar i dette arbeidet. Hindringar for livsstilsspørsmål i sjukehus knytte seg til maktbruk, travel sjukehuskvardag samt sterk paternalisme.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen_US
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-SV-IH/2010;
dc.subjecthelse- og sosialfagen_US
dc.titleKorleis opplevar pasientar i sjukehus spørsmål relatert til eiga helse og livsstil til det gode eller eit instrumentalistisk mistak?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Community medicine, Social medicine: 801en_US
dc.source.pagenumber76 p.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel