Multikulturalisme og skuldtyranni
Original version
Tuastad, S. (2012) Multikulturalisme og skuldtyranni. Nytt Norsk Tidsskrift, 29(4), pp. 434-438 10.18261/ISSN1504-3053-2012-04-11Abstract
«The whole world hates us, and we deserve it: that is what most Europeans
think, at least in Western Europe», hevdar den franske nyfilosofen Pascal
Bruckner ([2006] 2010: 6). Skuldkjensla vert ein indre tyrann i europearen.
Mellom dei offergruppene som står klare for å utnytte han, er meir eller
mindre rabiate islamistar. I siste Nytt Norsk Tidsskrift presenterer Nils Rune
Langeland (2012a) ein norsk variant av tankesettet om skuldtyranni. I følgje
Langeland er Holocaust-senteret på Bygdøy «ein av mange institusjonar som
arbeider med å byggje ein transnasjonal skuldsivilisasjon for å legitimere
innvandringa til Vesten» (Langeland 2012b). Langelands analyse av
Holocaust-senteret fell inn i ei større idéhistorisk argumentasjonsrekkje om
korleis multikulturalistisk politisk filosofi saman med den historiske
fortolkinga av Holocaust tar viljen og evna til å fremje etnisk-kulturell
patriotisme frå dei vestlege elitane. Langeland føreset to årsakssamanhengar.
Den første årsakssamanhengen har denne formelen: Minnekulturen om
Holocaust pluss multi-kulturalistisk ideologi framhevar nasjonalstatens
latente folkemordspotensial. Det har skapt ein skuldsivilisasjon (1). Den
andre årsakssamanhengen er at skuldsivilisasjonen fører til at vestlege land
som Noreg godtar meir innvandring frå fattige land, og at det vert suspekt å
skulle fremje sitt eige lands særeigne kultur (2). Kor haldbar er denne
historieskrivinga?