Show simple item record

dc.contributor.authorVannes, Svein Ove
dc.date.accessioned2014-09-16T13:07:13Z
dc.date.available2014-09-16T13:07:13Z
dc.date.issued2014-06-16
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/219979
dc.descriptionMaster's thesis in Mechanical engineeringnb_NO
dc.description.abstractOppgåva Hovuddelen av oppgåva består i å konstruera og gjera ein analyse av ein grasjamnar for silo i landbruket. I oppgåva skal det også lagast ein marknadsplan for produktet, samt laga ei grovskisse av det elektriske systemet og laga ein prosedyre for testing. Ide og arbeid Ideen til produktet er komen etter praktisk arbeid med silolegging i landbrukt. Det er vanskeleg å få folk til å arbeide inne i siloen. Dette faktum har gitt eit ynskje om å få gjort jamnearbeidet mekanisk. I arbeidet med konstruksjonen har det frå første stund vore eit mål å bruke mest mogleg standard profilar. Det er få delar som skal maskinerast. Mesteparten av samanføyinga er ved hjelp av sveising. Maskinen skal vere enkel å montere og demontere, og lett å stuve vekk. Dei dimensjonerande spenningane er bøyespenningar i gaffelarmane, vridingsspenningar i motorhuset og bøyespenningar i haldearmane. Dessutan strekkspenningar i festeboltane for gaffelarmane. Under arbeid vil det bli ei lita nedbøying på gaffelarmen. Nedbøyinga går ikkje ut over arbeidsevna til maskinen. Dimensjoneringa er gjort ved hjelp av modellering i programmet Ansys Mechanical. Programmet brukar FEA metoden til å utføre matematiske berekningar på konstruksjonen for å finne spenningar og utbøyingar ved gitte påførte laster. Til drift av grasjamnaren er det valt ein standard tre-fase motor påmontert ein standard utveksling (gir). Analysen viser at konstruksjonen skal kunne tåle dei lastene som ein har definert i oppgåva, usikkerheten er meir om kreftene som oppstår når gaffelarmen skyver graset rundt i siloen stemmer. Sidan gaffelarmane har ei anna medbringarløysing enn det som er kjent frå tidlegare, trengs det omfattande utprøving av armane. Det kan bli aktuelt å foreta modifisering av medbringararmane. Ved ein eventuell serieproduksjon må maskinens konsentrisitet kontrollerast. Dersom prototypen viser seg å fungere tilfredstillande, vil det bli aktuelt å ta kontakt med ein lokal produsent for å starta serieproduksjon. Maskinen er konstruert med standard komponentar som er enkle og tilarbeide. Bare eit par komponentar må maskinerast. Marknadssegmentet for denne typen vil vere små og mellomstore gardsbruk. Det vil neppe vere nokon stor marknad for dette produktet, og marknadsføringa vil derfor skje på sosiale media.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.subject2D teikningarnb_NO
dc.subjectstyrkeberekningarnb_NO
dc.subjectkonstruksjonsteknikknb_NO
dc.subjectmaskinteknikknb_NO
dc.subjectmaskinkonstruksjonnb_NO
dc.subjectmarknadsplannb_NO
dc.titleGrasjamnar for silo-konstruksjon og analysernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Technology: 500::Mechanical engineering: 570::Machine construction and engineering technology: 571nb_NO
dc.source.pagenumber44nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • Studentoppgaver (TN-IKM / TN-IMBM) [1213]
    Master- og bacheloroppgaver i Konstruksjoner og materialer / Maskin, bygg og materialteknologi (maskinkonstruksjoner, byggkonstruksjoner og energiteknologi) / Masteroppgaver i Offshore teknologi: industriell teknologi og driftsledelse - Offshore technology: industrial Asset management / Masteroppgaver i Offshoreteknologi : offshore systemer (konstruksjonsteknikk og marin- og undervannsteknologi-subsea technology)

Show simple item record