Konserveringsrapport for metallgjenstandar frå sikringsgraving (post 78) ved Leirong, Tysvær kommune
Abstract
I 2012 vart det utført ei etterundersøking av funnstaden til eit sverdhjalt. Dette vart funne i ein steinkonstruksjon, som låg om lag vinkelrett på veggen til ei nausttuft. Etterundersøkinga førte til funn av overhjalt med sverdknapp og deler av klinga, i tillegg til eit mogleg blylodd og ein jernten. Konserveringsarbeidet bestod i hovudsak av undersøking ved hjelp av røntgenfotografering, og delvis mekanisk reinsing av overflater med sølvinnlegg, i tillegg til sikring ved klimakontroll og overvaking. Undersøkinga avslørte eit forseggjort dekorert praktsverd. På nokre sverdfragment vart det funne restar av mineralisert pels, tre og insekt. Vidare undersøking og reinsing er nødvendig for betre å forstå materialsamansetning, dekorative element og teknologi.
Description
Oppdragsgiver: Riksantikvaren