Analysar av makrofossilar i jordprøver og identifikasjon av ved frå Klosterøya (Gimsøy), Skien kommune, Telemark
Abstract
Det er utført analysar av makrofossilar i to jordprøver og identifisert treslag frå ein konstruksjon frå Klosterøya (Gimsøy), Skien kommune, Telemark. To prøver av treverk er datert ved Nasjonallaboratoriet for 14C-datering, NTNU, Trondheim. Resultata av 14C-dateringane syner at konstruksjonen som vart funnen er yngre enn reformasjonen. Analysane av makrofossilar i jordprøvene gjev innsyn i oppbygginga av antropogene lag på staden.
Description
Oppdragsgiver: NIKU, Distriktskontoret for Tønsberg