Olav H. Hauge og nynorsk omsetjingskunst
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Myrvoll, K.J., Spaans, R.G. (2018) Olav H. Hauge og nynorsk omsetjingskunst, Edda. Nordisk tidsskrift for litteraturforskning. 105(4), pp. 322-338. 10.18261/issn.1500-1989-2018-04-05Abstract
Norske litteraturkritikarar har hevda at Olav H. Hauge (1908–1994) tidlegare enn nokon annan omsetjar skal ha interessert seg for den nye modernistiske kanon. Denne artikkelen argumenterer for at dette biletet baserer seg på myten om Hauge som isolert, men verdsorientert diktarbonde i Ulvik, Hardanger. Artikkelen viser at Hauges praksis var solid forankra i ein serskild nynorsk attdiktingstradisjon. Dette er tydeleg langs tre liner: ei teoretisk, ei språkleg og ei litteratursosiologisk. Av notat i Hauges dagbøker kjem det fram at dei teoretiske og språklege refleksjonane hans om attdiktingskunst er nært knytte til forgjengarar i målrørsla, serleg Henrik Rytter (1877–1950). Den litteratursosiologiske tilknytinga blir tydeleg gjennom arbeidet med antologien Framande dikt frå fire tusen år (1968), som førde Hauge i kontakt med samtidige, meir etablerte attdiktarar og som stimulerte han til vidare attdiktingsarbeid. Artikkelen fokuserer på Hauges attdiktingar frå tysk.