Arkeologisk sikringsundersøking av skada førreformatorisk hustuft
Abstract
Rapporten gjeld ei sikringsundersøking som Am, UiS utførte hausten 2019 etter tildeling av tilskot til dette
frå RA gjennom «Post 70» - midlar på grunnlag av søknad frå Even Bjørdal ved Am, UiS.
Sikringsundersøkinga var knytta til ei førreformatorisk hustuft (ID 229588-1) som er lokalisert innan eit
gardsanlegg (ID 229588) med tufter, gardfar og røyser på Oaland gnr. 34 / bnr. 3 i Forsand kommune Jf.
fig. 1-5). Gardsanlegget har ei utforming som indikerer bruk i jernalder, men yngre bruksfasar kan ikkje
utelukkast.
Hustufta ID 229588-1 var aktuell for ei sikringsundersøking på grunn av nyare tids skader grunna ferdsel
med traktor på tvers av anlegget. Hustufta hadde såleis fått status TG3 i Askeladden.
Am, UiS (ved prosjektleiar Even Bjørdal), Rogaland fylkeskommune (ved Sikke Viste, rådgjevar arkeologi)
og grunneigar Svein Oaland gjennomførte ei felles synfaring på lokaliteten 20.09.2019. Her diskuterte ein
gardsanlegget generelt og sikring av hustufta id 229588-1 spesielt.
Sjølve sikringsundersøkinga av hustufta ID 229588-1 vart gjennomført i perioden 23.-25.10.2019 av to
arkeologar (Even Bjørdal og Theo Gil Bell) frå Am, UiS.
Dei viktigaste resultata av prosjektet er at ein a) har fått betre kunnskap om hustufta si oppbygging og
tilstandsgrad, b) har gjort diagnostiske gjenstandsfunn (fiskesøkke og bryne) som viser til brukstid og
aktivitetar, og c) har både utbetra skader (bygd opp att delar av forstyrra veggvoll) og fått avverga
ytterlegare skader (ved at grunneigar avstår frå motorferdsel over hustufta). Det er sendt inn
prøvemateriale (trekol, forkola bark) for tre stk. 14C-dateringar frå gode kontekstar inne i hustufta, og alle
desse tre har gjeve resultat frå 400-500-talet e. Kr., dvs. folkevandringstid.
Description
Oppdragsgiver: RA