Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørdal, Even
dc.coverage.spatialRogaland, Forsandnb_NO
dc.date.accessioned2020-02-21T12:24:44Z
dc.date.available2020-02-21T12:24:44Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2643233
dc.descriptionOppdragsgiver: RAnb_NO
dc.description.abstractRapporten gjeld ei sikringsundersøking som Am, UiS utførte hausten 2019 etter tildeling av tilskot til dette frå RA gjennom «Post 70» - midlar på grunnlag av søknad frå Even Bjørdal ved Am, UiS. Sikringsundersøkinga var knytta til ei førreformatorisk hustuft (ID 229588-1) som er lokalisert innan eit gardsanlegg (ID 229588) med tufter, gardfar og røyser på Oaland gnr. 34 / bnr. 3 i Forsand kommune Jf. fig. 1-5). Gardsanlegget har ei utforming som indikerer bruk i jernalder, men yngre bruksfasar kan ikkje utelukkast. Hustufta ID 229588-1 var aktuell for ei sikringsundersøking på grunn av nyare tids skader grunna ferdsel med traktor på tvers av anlegget. Hustufta hadde såleis fått status TG3 i Askeladden. Am, UiS (ved prosjektleiar Even Bjørdal), Rogaland fylkeskommune (ved Sikke Viste, rådgjevar arkeologi) og grunneigar Svein Oaland gjennomførte ei felles synfaring på lokaliteten 20.09.2019. Her diskuterte ein gardsanlegget generelt og sikring av hustufta id 229588-1 spesielt. Sjølve sikringsundersøkinga av hustufta ID 229588-1 vart gjennomført i perioden 23.-25.10.2019 av to arkeologar (Even Bjørdal og Theo Gil Bell) frå Am, UiS. Dei viktigaste resultata av prosjektet er at ein a) har fått betre kunnskap om hustufta si oppbygging og tilstandsgrad, b) har gjort diagnostiske gjenstandsfunn (fiskesøkke og bryne) som viser til brukstid og aktivitetar, og c) har både utbetra skader (bygd opp att delar av forstyrra veggvoll) og fått avverga ytterlegare skader (ved at grunneigar avstår frå motorferdsel over hustufta). Det er sendt inn prøvemateriale (trekol, forkola bark) for tre stk. 14C-dateringar frå gode kontekstar inne i hustufta, og alle desse tre har gjeve resultat frå 400-500-talet e. Kr., dvs. folkevandringstid.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversitetet i Stavanger: Arkeologisk museumnb_NO
dc.relation.ispartofseriesOppdragsrapport;2019/17
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectarkeologinb_NO
dc.subjectsikringsundersøkingnb_NO
dc.subjectsikringsundersøkelsenb_NO
dc.subjecthustuftnb_NO
dc.subjectgardsanleggnb_NO
dc.subjectgårdsanleggnb_NO
dc.subject14C-dateringnb_NO
dc.subject14C-dateringernb_NO
dc.subjectjernaldernb_NO
dc.subjectfiskesøkkenb_NO
dc.subjectbrynenb_NO
dc.titleArkeologisk sikringsundersøking av skada førreformatorisk hustuftnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Archeology: 090::Nordic archeology: 091nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal