Uppbyggjingi av Fagrskinna B og sunnmørsættleggene
Peer reviewed, Journal article
Accepted version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3125222Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Myrvoll, K.J. (2023) Uppbyggjingi av Fagrskinna B og sunnmørsættleggene. Arkiv för nordisk filologi, 138, 85-128.Sammendrag
Den handskrifti som hev vorte kjend som B-handskrifti av Fagrskinna (Fsk B), gjekk tapt i bybranden i København i 1728. Likevel fanst det gode avskrifter av handskrifti, og attåt hev me varveitt eit brotstykke av eit blad som hadde vorte teke ut or handskrifti fyre ho kom til København. Det er no i det norske Riksarkivet (NRA 51). Avskriftene gjer det klårt at handskrifti hadde fleire lakunar, mest av einskildblad og bladpar, men nokre stader var det fleire blad på rad som vanta. Um ein jamfører avskriftene av Fsk B og fragmentet med avskriftene av den andre Fagrskinna-handskrifti, A-handskrifti (Fsk A), som sameleis brann upp i 1728, kann ein rekonstruera umfanget av lakunane og heile uppbyggjingi av handskrifti i legg og blad. Finnur Jónsson gjorde ein slik rekonstruksjon i den tekstkritiske utgåva si av Fagrskinna frå 1902–03, men den er ikkje so sætande som ein kunde ynskt, og tek i mist på nokre heilt avgjerande punkt. Millom anna hevdar Finnur at genealogien til slutt i soga um Harald Hardråde, kalla «Arnmœðlinga tal» i handskrifti, ikkje er fullstendigt yverlevert, men endar i ein lakune. Det er òg uklårt hjå Finnur kva plass dei sokalla sunnmørsættleggene hev havt i handskrifti; Gustav Storm (1876) meinte at desse ættetavlone i dr. Henrik Høyers samlehandskrift AM 22 fol. måtte skriva seg frå Fsk B. I denne artikkelen vil eg difor gjera ein ny rekonstruksjon av handskrifti og plasseringi av lakunane og syna at det er inkje som vantar i Arnmœðlingatal, og eg vil samstundes peika på ein bisneleg open plass i handskrifti som gjev lykelen til å skyna den plasseringi sunnmørsættleggene hadde i Fsk B.